Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Type 2 Diabetes - Personsentrert og heilskapleg teneste

Diabetes type 2 er ein stor utfordring for menneske som lever med sjukdommen. Riktig oppfølging og behandling er individavhengig og mange pasientar rapporterer om fragmenterte tenester og eit lite heilskapleg pasientforløp. Det vil prosjektet T2D gjere noko med og lærings og meistringssenteret i Helse Møre og Romsdal (LMS) er med på prosjektet.

Publisert 15.10.2019
Sist oppdatert 15.09.2021
En gruppe mennesker som sitter ved bordene
Full konsentrasjon under workshopen

​Ny modell

Prosjektet har som mål å utvikle ein ny heilskapleg og personsentrert modell for samhandling med auka fysisk aktivitet, eigenmestring, avstandsoppfølging og endring av livsstil for personar med diabetes type 2. For å få til det vil ein i prosjektet identifisere, utvikle, teste og evaluere nye løysningar som gjer det mogleg med oppfølging som er individuelt tilrettelagt. Pasientforløpet vil inkludere bruk av teknologi for økt tryggleik, meistring og avstandsoppfølging.

- Prosjektet blir til daglig kalla T2D fortel teamleiar Toril Kvisvik frå LMS. – Bak den noe kryptiske formuleringa skular det seg eit meir forståeleg namn, nemleg «Type 2 Diabetes (T2D): Personsentrert og heilskapleg teneste».

Start med workshop

- 1. oktober starta vi arbeidet med ein workshop fortel Kvisvik. – Den var ein del av arbeidet med å hente inn kunnskap om brukarane sine behov og dei behova og krava til dei tilsette i helsetenestene har. Deltakarane kom frå kommunar i Nordmøre og Romsdal, Helse Møre og Romsdal HF, aktørar frå privat næringsliv og Diabetesforbundet.

Prosjektleder og professor Charlotte Ingul innleia dagen med fakta og statistikk om type 2 diabetes og aktuell forsking knytt til sjukdommen. PhD stipendiat Bjarte Bye Løfaldli  fortalte om bakgrunnen for prosjektet og sentrale element i prosjektet framover.

Helseinnovasjonssenterets FoUI- medarbeidar Lillian Karlsen og tenestedesigner Mari Mørkeset Sandbakk gikk igjennom kva vi ønsker å konkretisere og avklare gjennom workshopen og kva verktøy vi skulle bruke.

Tenestedesign

Metoden som ble lagt til grunn er tenestedesign. Her brukte dei ulike brukarreiser for å få innsikt om kva som er utfordringar for brukar og helsepersonell. Ein beskreiv ein fiktiv, men karakteristisk brukar, som kunne fungere som ein forenkla illustrasjon av alle brukarane. Ein slik brukarreise beskrive opplevingar brukaren har gjennom si reise gjennom tenestene frå A til Å. Dette er nyttig for å avdekke kva som må ivaretakast for å forbetre tenestene.

- Denne dagen var viktig fordi ingen sitter med fasiten og difor måtte vi få innspel frå ulike grupper fortel Kvisvik. -Vi veit at det finns mange gode ressursar ute i kommunane og hjå Diabetesforbundet og andre aktørar som vi ikkje kjenner nok til og som vi må lære meir om, og ikkje minst av. Dei bringer inn kunnskap som er helt vesentlig for å få til prosjektet.

T2D er et samarbeidsprosjekt mellom Helseinnovasjonssenteret med kommunehelsetenestene, Helse Møre og Romsdal HF, Diabetesforbundet og Cardiac Exercise Research Group (CERG, NTNU). Prosjektet vert finansiert av forskingsmidlar frå Extrastiftelsen, og vert gjennomført i perioden 2019 - 2022