Vellykka strøyming av Epilepsi førelesningar
I alt 22 personar møtte opp når LMS og Epilepsiforeningen i Møre og Romsdal samla folk til strøyming av førelesningar frå Litteraturhuset i Oslo. Her var både fagfolk, pasientar og pårørande i ei god blanding. Deltakarane var nøgde og det var god stemning og pausesnakk.

- Alle var einige i at det var ein lærerik og nyttig kveld seier leiar i Epilepsiforenignen Peggy Sætre Hove. - Det er viktig å kunne få høyre flinke og engasjerande fagfolk utan å måtte reise langt av garde. Dette er lønsamt for alle, og tidssparande å kunne få ta del i det andre får til.
- For i lokalforeiningane er dette ei viktig satsing og det er kjekt at vi kan dele med kvarandre seier Hove. - Vi fekk muligheit til å stille spørsmål og fekk relevante og gode svar frå førelesarane.
Teknisk
Teknisk gjekk det bra, men det var litt problem med lyden i Molde og Kristiansund. Problemet var lokalt og må nok reknas som barnesjukdommar. Dette er nytt og uprøvd for alle partar.
Samarbeid
- Helse Møre og Romsdal og Lærings- og mestringssenteret (LMS) skal vere stolte av at dei har vore med på dette opplegget, og eg vonar at vi kan få til slike samarbeid vidare seier Hove. - Eg anbefaler andre foreiningar om å utnytte denne ressursen vidare. Dette er nok framtida, og vi må få med oss fleire LMS nasjonalt ved neste høve.
- For oss i LMS var dette lærerikt seier teamkoordinator ved LMS Toril Kvisvik. - Litt teknisk plunder var det og vi kom kanskje litt seint inn i bildet slik at vi ikkje fekk mobilisert nok i fagmiljøa. Det kan vi ta lærdom av.
Foredraga vil bli lagt ut på websida til Norsk Epilepsiforbund