Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Nyttig informasjon for deg som pasient og pårørande

Her finn du informasjon som kan vere nyttig for deg som innbyggar, pasient eller pårørande med ynskje om å bidra til at pasientar og brukarar får lik tilgang på helse- og omsorgstenester og auka helsekompetanse.

Helsekompetanse

Helsekompetanse handlar om å forstå, vurdere og anvende helseinformasjon. Det skal gjere pasientar i stand til å bruke helsetenestar på ein god og fornuftig måte.

Les meir om helsekompetanse på Helsedirektor​atet sine nettsider​

Med informasjonsfilmen vil du få ei kort innføring om verktøyet og funksjonar. Når du tek i bruk HelsaMi vil du oppleve begrensa innhald og moglegheiter i starten. Dette vil endre seg når fleire sjukehus og kommuner tek i bruk Helseplattformen og du nyttar deg av tenestetilbod som brukar Helseplattformen. Av sjukehusa i Helse Midt-Norge er det berre St. Olav som har starta å bruke Helseplattformen, sjukehusa i Møre og Romsdal startar 27. april 2024. Timeavtalar og besøk som du har vore til hjå sjukehus/kommune før en tok i bruk Helseplattformen, vil du ikkje kunne sjå i HelsaMi.

Sist oppdatert 09.10.2023