Abstinensbehandling

Avrusing Ålesund behandlingssenter

 

Abstinensbehandling følgjer ofte svært individuelle behov. Vi ynskjer å gjere dykk bevisste på dykkar abstinenssymptom og kartlegge desse. Auka grad av bevisstheit og forståing kan vere med å dempe dette ubehaget. Ein brukar både legemidlar og alternative metodar i abstinensbehandlinga.

1. Før

 

Ingen forbredelser enten akutt eller planlagt

2. Under

Ein vesentleg del av tilnærminga og relasjonsbyggjinga byggjer på omsorg og empati i møte med deg. Spesielt i ei tid der du kanskje kjenner på abstinensar. Ved innleggjing vil du få ein PAK (pasientansvarlig koordinator) som har ansvar for å fylgje deg opp under opphaldet, og som kan hjelpe deg med å koordinere vidare oppfylgjing, anten du skal heim eller vidare i behandling.

Personell ved seksjonen gir hyppige tilsyn, og hjelper deg med basale behov i den tida du er tilbaketrukken på pasientrommet i abstinensperioden. Det leggjast vekt på å ha eit positivt og motiverande miljø for deg.

Som pasient får du individuelle motivasjons- og kartleggingssamtalar (Audit/Dudit/Alcohol-E/Dudit-E) saman med PAK som ein del av opphaldet. PAK vil også etablere kontakt med dine pårørande, og ha ein Birussamtale (barnesamtale) med deg dersom det er behov for det.

Det er eit mål for oss at personalet er til stade til ei kvar tid. Dette er for å kunne dempe og snu negative stemningar som kan oppstå i miljøet.
Miljøpersonell vil fylgje deg tett opp i forhold til ernæring, basale behov, kvile, rutinar og daglege turar. Vi kan tilby deg korte turar i nærmiljøet på kvardagar. På helg vil vi forsøke å leggje til rette for ein noko lenger tur, men tilrettelagt di somatiske og psykiske helse.
Vi kan tilby deg bruk av telefonen vår, då det ikkje kan nyttast eigen mobil ved seksjonen. Internett kan kun nyttast ved særskilde høve som må avtalast med PAK.

Behandling med legemiddel

Vi ynskjer å gje deg abstinensbehandling utan bruk av A- og B preparat. Dette blir kun brukt unntaksvis, og då som regel på medisinsk grunnlag. Vi tilbyr planlagde nedtrappingsløp i samarbeid med fastlege. 

Alternativ abstinensbehandling

Gjennom erfaringsbasert kunnskap er det tatt i bruk nokre alternative metodar i abstinensbehandlinga som eit supplement til legemiddel, til dømes NADA-akupunktur.

Alkoholabstinens - symptomlindrande og førebyggjande behandling

Sidan ei rekkje ulike fagpersonar vil ha ansvar for å vera i kontakt med deg som pasient i løpet av eit døgn, er det viktig at det vert etablerert felles kliniske plattformer. Sentralt element i dette er bruk av standardiserte skåringsskjema som Clinical Institute Withdrawal Assessment for Alcohol (CIWA-A), Clinical Opiate Withdrawal Scale (COWS-skala) og Alcohol Use Disorder Identification Test (AUDIT).

Den vanlegaste måten er på førehand å føreskrive medikament, anten til fast bruk eller til bruk ved behov. Personalet vurderer saman med deg i kva grad det trengst behovsførskrevne medikament. 

Alkoholiske krampar, hallusinasjonar, delirium tremens og Wernickes encefalopati er alvorlege komplikasjonar ved avrusing. Rettleiande farmakologisk behandling av alkoholabstinens og leiande symptom styrar behandlinga.

Behandling skal planleggjast ut i frå vurderingane ovanfor, og den avheng av kva for eit rusmiddel som er innteke, om det er eit middel, ein kjent blanding av fleire stoff, eller om det er uoversiktleg inntak av fleire stoff.

Generelle tiltak som bør vurderast ved mogleg abstinens

  • Generelt: Avrusing bør ikkje vera meir ubehageleg enn fysiologisk nødvendig, og felles for alle stoff er det viktig med ro, hvile og søvn!
  • Langsom nedtrapping av stoff (spesielt opiat og benzodiazepin), men då må stoffet vera påvist ved urinprøve eller blodprøve. Dette skal vurderast i samråd med lege.
  • Krampeprofylakse (spesielt alkohol, hallusinogen, GHB, ecstasy)
  • Behandling av søvnproblem (gjeld dei fleste rusmiddel)
  • Psykoseprofylakse (spesielt hallusinogen, men også ved delir av alkohol, benzo eller GHB, ved amfetamin (depresjon, mani), ecstasy, kokain, ellers generell fare ved lite søvn, psykisk eller fysisk forkommen)
  • Kvalmeførebyggjande (spesielt alkohol, cannabis, opiat, GHB, ecstasy)
  • Vurder også: skjerming (spesielt viktig ved stimulerande og hallusinogene stoff)
  • Vurder også: symptomatisk behandling av andre plager

3. Etter

Planen for vidare oppfølgjing kan innehalde:

  • Utskriving/overføring til heimkommune
  • Vidare behandling ved andre seksjonar
  • Tilvising til anna eining innan TSB
  • Tilvising til poliklinisk oppfølgjing og eventuelt dagtilbod
  • Tilvising til psykisk helsevern

Kontakt

Avrusing rusbehandling TSB Ålesund
Telefon
70 10 50 00
E-post
Postadresse
Ålesund behandlingssenter
Vestmoa 27
6018 Ålesund

Slik kjem du deg til Ålesund behandlingssenter

 Ålesund behandlingssenter ligg ca 5 minutts gange nordvest for bussterminalen på Moa. Gå mot Spjelkavik kyrkje.

ÅlesundBS_Nyefarger.jpg 

Praktisk informasjon

Besøkstid ved seksjon for avrusing

​Besøkstid er alle dager mellom kl 17:00 -19:00. Anmoder om at man tar kontakt med seksjonen og avklarer før besøk.

Internett/WiFi

Ta kontakt med personalet for informasjon om trådlaust nett.

Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.