Vi vil møte deg med omsorg og empati. Spesielt i ei tid der du kanskje kjenner på abstinensar, kan det vere avgjerande å ha god relasjon til behandlaren din. Du får ein behandlar/pasientansvarleg koordinator (PAK), som har ansvar for deg gjennom heile opphaldet og som også koordinerer eventuell vidare behandling.
Under abstinensperioden vil du oftast vere mest på rommet ditt, men personalet vil ha tilsyn og hjelpe deg ved behov. Vi ønsker at du skal oppleve at vi arbeider i eit positivt og motiverande miljø.
Du og PAK vil gjennomføre individuelle motivasjons- og kartleggingssamtalar (Audit/Dudit/Alcohol-E/Dudit-E). PAK etablerer kontakt med pårørande dine, og tar barnesamtale (birussamtale) med deg dersom du har mindreårige barn.
Vi prioriterer at miljøpersonell alltid er tilgjengeleg og arbeider aktivt for å oppretthalde eit sunt og godt miljø i fellesarealet. I tillegg vil personalet følge deg opp med tanke på basale behov, ernæring, kvile, rutinar og daglege turar i nærområdet. Eventuelt lengre tur på helg, dersom den fysiske og psykiske helsa di tillèt det.
Vi oppfordrar deg til å levere inn mobiltelefonen, slik at du kan skjerme deg frå impulsar utanfrå. Du kan låne seksjonen sin telefon for å ha kontakt med næraste familie/pårørande.
Behandling med legemiddel
Vanedannande medikament (A- og B-preparat) blir berre unntaksvis brukte i abstinensbehandlinga. Unntak er planlagde nedtrappingsløp i samarbeid med fastlege.
Alkohol-abstinens, symptomlindrande og førebyggande behandling
Du vil komme i kontakt med ulike fagpersonar i løpet av eit døgn, men vi har likevel felles kliniske plattformer, blant anna ved hjelp av standardiserte skåringsskjema som Clinical Institute Withdrawal Assessment for Alcohol (CIWA-A), Clinical Opiate Withdrawal Scale (COWS-skala) og Alcohol Use Disorder Identification Test (AUDIT).
Alkoholiske kramper, hallusinasjonar, delirium tremens og Wernickes encefalopati er alvorlege komplikasjonar som kan krevje medikamentell behandling.
Ulike rusmiddel kan krevje ulik behandling og alle får individuelle tilpassa behandling for sitt rusproblem.
Generelle tiltak ved abstinens
- Generelt: Viktig med ro, kvile og søvn.
- Tilpassa nedtrapping av rusmiddel (for eksempel opiat og benzodiazepin), der stoffet er påvist i urin/blodprøve. Lækje gjer fortløpande vurdering.
- Krampeprofylakse (spesielt alkohol, hallusinogen, GHB, ecstasy).
- Behandling av søvnproblem (gjeld dei fleste rusmiddel).
- Psykoseførebygging (spesielt hallusinogen, men også ved delir av alkohol, benzo eller GHB, ved amfetamin (depresjon, mani), ecstasy, kokain, elles generell fare ved lite søvn, psykisk eller fysisk forkommen).
- Kvalmereduserande tiltak (spesielt alkohol, cannabis, opiat, GHB, ecstasy).
- Vurdere behov for skjerming (spesielt viktig ved stimulerande og hallusinogene stoff).
- Vurdere behov for symptomatisk behandling av andre plagar.
Alternativ abstinensbehandling
Gjennom erfaringsbasert kunnskap er det tatt i bruk nokre alternative metodar i abstinensbehandlinga som eit supplement til legemiddel, som Nada-akupunktur.