Behandling

Abstinensbehandling

Abstinensbehandling blir gitt etter individuelle behov, der vi prøver å kartlegge og bevisstgjere deg på dine abstinenssymptom. Auka bevisstheit og forståing kan dempe ubehaget. Både medikamentelle og ikkje-medikamentelle hjelpemiddel kan vere aktuelle.

Før

Vi tilrår at du før innlegging har fått avbestilt/flytta andre avtaler og også fått pass til eventuelle husdyr, slik at du får konsentrere deg om behandlinga. 

Du må ha tilvising frå lege. 

Under

Vi vil møte deg med omsorg og empati. Spesielt i ei tid der du kanskje kjenner på abstinensar, kan det vere avgjerande å ha god relasjon til behandlaren din. Du får ein behandlar/pasientansvarleg koordinator (PAK), som har ansvar for deg gjennom heile opphaldet og som også koordinerer eventuell vidare behandling. 

Under abstinensperioden vil du oftast tilbringe mest tid på rommet ditt, men personalet vil ha tilsyn og bistå deg ved behov. Vi ønsker at du skal oppleve at vi arbeider i eit positivt og motiverande miljø. 
 
Du og PAK vil gjennomføre individuelle motivasjons- og kartleggingssamtalar (Audit/Dudit/Alcohol-E/Dudit-E). PAK etablerer kontakt med dine pårørande, og tek barnesamale (birussamtale) med deg dersom du har mindreårige barn.

Vi prioriterer at miljøpersonell alltid er tilgjengeleg og arbeider aktivt for å oppretthalde eit sunt og godt miljø i fellesarealet. I tillegg vil personalet følge deg opp med tanke på basale behov, ernæring, kvile, rutinar og daglege turar i nærområdet. Eventuelt lenger tur på helg, dersom di fysiske og psykiske helse tillet det. 

Vi oppfordrar deg til å levere inn mobiltelefonen, slik at du kan skjerme deg frå impulsar utanfrå. Du kan låne seksjonen sin telefon for å ha kontakt med nærmaste familie/pårørande. 

Behandling med legemiddel

Vanedannande medikament (A- og B-preparat) blir kun unntaksvis brukt i abstinensbehandlinga. Unntak er planlagte nedtrappingsløp i samarbeid med fastlege.

Alkohol-abstinens, symptomlindrande og førebyggande behandling

Du vil kome i kontakt med ulike fagpersonar i løpet av eit døgn, men vi har likevel felles kliniske plattformer, mellom anna ved hjelp av standardiserte skåringsskjema som Clinical Institute Withdrawal Assessment for Alcohol (CIWA-A), Clinical Opiate Withdrawal Scale (COWS-skala) og Alcohol Use Disorder Identification Test (AUDIT).

Alkoholiske kramper, hallusinasjonar, delirium tremens og Wernickes encefalopati er alvorlege komplikasjonar som kan kreve medikamentell behandling. 

Ulike rusmiddel kan kreve ulik behandling og alle får individuell tilpassa behandling for sitt rusproblem. 

Generelle tiltak ved abstinens

  • Generelt: Viktig med ro, kvile og søvn
  • Tilpassa nedtrapping av rusmiddel (td. opiat og benzodiazepin), der stoffet er påvist i urin/blodprøve. Lege gjer fortløpande vurdering
  • Krampeprofylakse (spesielt alkohol, hallusinogen, GHB, ecstasy)
  • Behandling av søvnproblem (gjeld dei fleste rusmiddel)
  • Psykoseforebyggjing (spesielt hallusinogen, men også ved delir av alkohol, benzo eller GHB, ved amfetamin (depresjon, mani), ecstasy, kokain, ellers generell fare ved lite søvn, psykisk eller fysisk forkommen)
  • Kvalmereduserande tiltak (spesielt alkohol, cannabis, opiat, GHB, ecstasy)
  • Vurdere behov for skjerming (spesielt viktig ved stimulerande og hallusinogene stoff)
  • Vurdere behov for symptomatisk behandling av andre plager




Alternativ abstinensbehandling

Gjennom erfaringsbasert kunnskap er det tatt i bruk nokre alternative metodar i abstinensbehandlinga som eit supplement til legemiddel, til dømes NADA-akupunktur.


Etter

Vi tilrår å lage ein plan for oppfølginga etter utskriving.  
Eksempel på mogelege oppfølgingstilbod:
  • Tiltak i heimkommune
  • Vidare behandling ved andre seksjonar
  • Tilvising til anna eining innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) 
  • Tilvising til poliklinisk oppfølging og eventuelt dagtilbod
  • Tilvising til psykisk helsevern



    Kontakt

    Ålesund behandlingssenter Avrusing TSB Ålesund

    Kontakt Avrusing TSB Ålesund

    Oppmøtestad

    Resepsjonen ved hovudinngangen.

    Adresse

    En bygning med parkeringsplass

    Ålesund behandlingssenter

    Ålesund behandlingssenter

    Vestmoa 27

    Transport

    Ålesund behandlingssenter ligg ca 5 minutts gange nordvest for bussterminalen på Moa. Gå mot Spjelkavik kyrkje. Det er for tida vegarbeid i området, det medfører alternativ tilkomst til behandlingsenteret. Sjå bilda under.

    Et skjermbilde av et videospill
    Kart
    Bilde som viser kor du kan gå for å kome deg til Ålesund behandlingssenter.
    Kart
    Bilde som viser kor du kan køyre for å kome deg til Ålesund behandlingssenter. 

     

    Praktisk informasjon

    ​Besøkstid er alle dagar kl. 17.00-19.00. Ta kontakt med oss før besøket.

    ​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

    Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

    Endre/avbestille time

    Skulle du ha behov for å endre time kan du ringe 70 17 13 62 mandag - fredag i tidsrommet 08.00 – 16.00. Det er viktig at du ringer så snart som råd dersom oppsett time ikkje passer.

    Ta kontakt med personalet for informasjon om trådlaust nett.

    Treng du nokon å snakke med? ​
    Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

    Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

    Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

    Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta