Dersom du får ei ADHD-diagnose, blir det laga ein behandlingsplan for deg, saman med deg, dine føresette og dei kommunale tenestene. Denne planen skal vere konkret, den skal vise tiltak for møter med oss og eventuell medisinering, den skal innehalde ei tidsavgrensing, og den vil bli tilpassa deg og behova dine.
Målet med behandling av ADHD er å redusere symptom, å gjere kvardagen lettare og å avgrense tilleggsproblem.
Psykososial behandling
Den psykososiale behandlinga inneheld ulike element. Behandlingsplanen din seier noko om kva som er mest relevant for deg.
- Informasjon om diagnose til ungdommar, foreldre og skule
- Rettleiing til foreldre
- Rettleiing til skule
- Familiesamtalar
Følgje opp eventuelle psykososiale risikofaktorar i samsvar med behandlingsplanen
Medikamentell behandling
I behandling av ADHD er det viktig å leggje godt tilrette i heimen og på skulen, men medisinering kan vere ein effektiv tilleggsbehandling for mange. Den vanlegaste behandlinga er såkalla sentralstimulerande medisin, som til dømes Ritalin og Concerta.
Du som pasient og dine pårørande kan bruke tid saman med legen til å finne ut om medikamentell behandling er aktuelt, og i så fall kva for medisinar som vil fungere best for akkurat deg. Det er pasientansvarleg lege som har ansvar for organisering av utprøvinga.
Om du ønskjer medikamentell behandling er det vanleg å gjennomføre ei systematisk utprøving over nokre veker med varierte dosar og daglege notatar/sjekklister om effektar og biverknader.
Når fast medisinering har fungert greit ei viss tid, kan spesialist og fastlege avtale at medisinkontrollane blir overført til fastlegen.
Kosthald
Diettar skal berre følgjast når det er gode grunnar for det. Ein diett eller kosthaldsplan blir sett opp for deg dersom det er behov.
ADHD kan inntreffe saman med andre psykiske lidingar (komorbiditet).