Å føle seg redd av og til er heilt normalt. Nokre menneske blir redde for så mange ting at det blir eit problem i kvardagen. Det hindrer dei i å gjere de tinga de ville ha gjort. Da blir det kalla angst. Det er viktig å finne ut av korleis du gradvis kan begynne å føle deg mindre redd. Nokon klarer dette på eigen hand, mens andre får det til i samarbeid med voksne som kan mykje om grunner til angst.
Når barn og unge fortel at dei er veldig mykje redde, er det viktig å forstå korfor det har blitt sånn. Av og til kan ein sjå at ungdom er mykje redde fordi dei opplever eller har opplevd skremmande og forvirrande ting. Av og til har angsten oppstått tilfeldig, og så har det blitt verre - heilt til det er vanskeleg å kontrollere. Da forsøker ein å finne måter å skape nok tryggleik til at ein saman kan finne ut av korleis møte denne angsten. Ein kan utfordre den, slik som til dømes ved fobiar - eller snakke og tenke saman om vonde og skremmande opplevingar.
Å få meir kunnskap om angst kan vere til god hjelp. Ved hjelp av forslag om kva som kan gjere deg mindre redd, greier mange seg godt på eigen hand. Dersom det er vanskelege opplevingar som har skapt angsten i utgangspunktet, så må ein passe på at ein også får hjelp med årsaka til angsten.
Det er mange gode metodar for å bli kvitt angst.