Videopresentasjonar frå Ålesund sjukehus
Vi har laga ein pakke med videoar til deg som har slitt med artroseskade og treng ein kneprotese eller ein hofteprotese. Her forklarar vi kva de skal gjennom frå innleggelse til utskriving.
Sjukdommar som har øydelagt store delar av ankelleddet eller subtalarleddet (under ankelleddet) blir oftast behandla med artrodeser (avstiving). Resterande brusk blir fjerna og det øydelagde leddet blir stiva av. Oftast er dette leddet nærast stivt allereie slik at ein mistar lite rørsle. Målet med operasjonen er å fjerne smerta frå leddet. Det skjer ved sjølve artrodesen, det vil seie at leddet gror saman og blir borte. Det blir ofte brukt skruar for å få det til å gro saman, eventuelt supplert med ei plate.
Somme blir opererte dagkirurgisk, det vil seie at du dreg heim same dag som operasjonen. Ved meir omfattande inngrep blir du på sjukehuset 1-2 dagar etter operasjonen. Dette blir avtalt på førehand, sjå også innkallingsbrevet.
Les innkallingsbrevet nøye.
Har du fått innkallingsbrev med oppmøtetid dagen før operasjon må du ofte sjølv sørgje for overnatting. Ved behov for overnatting på pasienthotell eller hotell i nærleiken finn du nokre alternativ på nettsida til sjukehuset, søk på «overnatting». For informasjon om refusjon, sjå helsenorge.no/rettigheter
Du vil trenge krykkjer etter operasjonen. Desse må du ofte ta med når du møter opp på sjukehuset.
Ta også med ein stor sko/tøffel, sokk eller oppklipt joggesko.
Hjelpemiddel kan kjøpast i nokre apotek og butikkar som fører hjelpemiddel, eller blir lånte ut på hjelpemiddellager i enkelte kommunar.
Du må vere førebudd på at det kan bli noko ventetid før og etter operasjonen. Ta gjerne med lesestoff, musikk eller liknande.
Ved oppmøte blir du teken imot av sjukepleiar. Operasjonsområdet blir barbert dersom det er behov for det. Du får snakke med kirurgen som skal operere deg og med anestesilegen som fortelje kva bedøving som er aktuell for deg.
Operasjonen blir gjord som open kirurgi eller artroskopisk, det vil seie kikhòlskirurgi gjennom små innstikk i huda. Kva som blir gjort under operasjonen din varierer ut frå feilstillinga.
Foten blir gipsa i cirka seks veker. Behov for walkerortose blir avgjort av ortoped i kvart enkelt tilfelle. Operasjonen blir oftast utført med narkose og ankelblokade.
Du blir på overvakingsavdelinga så lenge det er behov for det. Deretter vil du få tilbod som mat og drikke, og informasjon frå sjukepleiar og kirurg før heimreise. Dersom det er aktuelt vil du få med deg sjukmelding, e-resept og/eller smertestillande medisinar. For beskriving av operasjonen og eventuell kontrolltime, sjå Helsenorge.
Etter operasjonen er det normalt å ha smerter. Dei første dagane etter operasjonen skal du ta smertestillande jamleg og til faste tider. Av og til vil du trenge å kombinere ulike smertestillande preparat. Nedtrapping blir etter kvart gjord som smertene minkar. Sørg for å ha paracetamol heime etter operasjonen.
Sitt eller ligg for det meste med beinet høgt (i hjartehøgd) dei første dagane og nokre gonger for dagen dei neste vekene. Dette hindrar hevelse, bløding og lindrar smerte.
Du skal bruke krykkjer og ikkje belaste dei første seks vekene. Auk aktiviteten gradvis. Hald foten høgt når du er i kvile og bygg opp med puter under beinet om natta.
Du får walkerortose etter seks veker, denne kan du ta av og på. Dette vil du eventuelt få informasjon og instruksjon om, etter operasjonen.
Det blir brukt sting som blir løyste opp av seg sjølv, eller som skal fjernast hos fastlegen din 14 dagar etter operasjonen. Dette vil du få beskjed om.
Du kan dusje etter operasjonen, men må dekkje til den opererte foten slik at gipsen/bandasjen ikkje blir våt.
Du kan eventuelt bruke gips-/dusjpose som kan kjøpast på apoteket.
Dersom gipsen på foten blir gjennomtrukken med blod må du ta kontakt med sjukehuset.
Dei første dagane etter operasjonen kan det opererte beinet hovne opp og føre til at gipsen blir for stram.
Du må sjekke at tærne er godt sirkulerte, det vil seie at dei ikkje blir:
Dersom det ikkje hjelper å halde det opererte området høgt, ta kontakt med sjukehuset.
Når du kan byrje å køyre bil er avhengig av smerte og funksjon. Du kan heller ikkje køyre bil når du er påverka av medisinar og har redusert reaksjonsevne. Trafikktryggleiken er ditt ansvar.
Sjukmeldingsperioden vil variere utor arbeidssituasjon og din individuelle situasjon. Eventuell forlenging av sjukmelding blir gjord hos fastlege.
Etter to veker skal du møte til kontroll på sjukehuset, då skal du fjerne sting og byte gips. Somme inngrep medfører fleire kontrollar, dette vil du få beskjed om.
Dei første dagane etter operasjonen kan du få ei lett temperaturstiging. Dette er normalt, men ta kontakt med sjukehuset dersom du har vedvarande feber over 38°-38,5° etter operasjonen.
Vi har laga ein pakke med videoar til deg som har slitt med artroseskade og treng ein kneprotese eller ein hofteprotese. Her forklarar vi kva de skal gjennom frå innleggelse til utskriving.
Ved alle kirurgiske inngrep kan det oppstå komplikasjonar. Dei aller fleste er sjeldne og kan behandlast. Dei vanlegaste komplikasjonane er blodpropp og infeksjon.
Teikn på blodpropp kan vere: Hoven, raud og vond legg som er meir smertefull enn foten.
Teikn på infeksjon kan vere: Raudt, hovent, irritert sår med siving av puss frå såra, feber og aukande smerter.
Manglande heling kan finnast, risikoen for denne komplikasjonen aukar dersom du røykjer eller har diabetes.
Skadar i nerve og kar kan finnast. Somme kan også oppleve smerte og stivleik etter inngrepet.
Ta kontakt med sjukehuset dersom du har teikn til komplikasjonar.
Åsehaugen 5