Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Antibiotikabehandling heime

Enkelte infeksjonssjukdommar krev antibiotikabehandling i fleire veker. Ein berebar infusjonspumpe som kan gi antibiotika 24 timar i døgnet gir deg moglegheit til å fullføre antibiotikabehandling heime.

Med antibiotikabehandling heime må du vere tilkopla infusjonspumpa 24 timar i døgnet. Pumpa eller antibiotikaposen må bytast ein gong for dag. Dette kan utførast av sjukepleiar på sjukehuset anten ved poliklinikk eller sengepost. Etter avtale og opplæring med kommunen din, kan også heimetenesta utføre dette. Då vil du få med deg antibiotikaposar heim. Desse oppbevarer du i kjøleskapet. 

Legen din på sjukehuset vurderer når det er trygt for deg å starte opp med antibiotikabehandling heime. 

Behandlinga blir primært gitt til pasientar som får antibiotikabehandling i 1-6 veker, som er klinisk stabile og utan behov for hyppig observasjon av helsepersonell etter utskriving. 

Du startar opp med anitibiotikabehandling på pumpe medan du er innlagd på sjukehuset, slik at du blir vant til å handtere og gå med utstyret. 

Før

Før du kan reise heim med intravenøs antibiotika, får du lagt inn eit kateter i ei blodåre der antibiotikaen blir gitt. Kateteret blir lagt inn på operasjonsavdelinga, vanlegvis på overarmen med hjelp av ultralyd. Du får bedøving først. Det er vanleg å oppleve lett til moderat smerte i armen den første dagen, men du kan bruke armen som vanleg. Kateteret kan brukast i fleire veker, og sjukepleiaren vil stelle og observere det under behandlinga. Du får nødvendig utstyr med deg heim frå sjukehuset ved utskrivinga. 

Under

Du vil starte med antibiotikabehandling medan du er innlagd på sjukehuset, slik at du blir vand til å handtere og gå med utstyret.

Sjukehuset tilbyr to ulike pumper for antibiotikabehandling: CADD-VIP Solis berbar infusjonspumpe og Baxtor infusorpumpe. Kva pumpe du bruker, avheng av kva type antibiotika som blir brukt.

  • Ei berbar pumpe som bruker 4AA-batteri.
  • Pumpa er innstilt med ein tryggingskode slik at det ikkje er mogleg for deg å gjere uønskte endringar.
  • Før utskriving vil du få informasjon om pumpa av sjukepleiaren.
  • Det er ønskeleg at du eller nokon du bur med, kan følge med at pumpa fungerer normalt.
  • Du vil få opplæring i korleis du byter batteri og handterer enkle alarmar.
  • Du kan handtere pumpa sjølv ved dei fleste alarmar, men ved luftalarm og tomt reservoarvolum må du få hjelp av sjukepleiar.

  • Pumpa er ein eingongsartikkel og blir bytt ut kvar dag av sjukepleier. 

  • Pumpa inneheld ingen elektronikk og treng ikkje batteri eller lading. 

  • Infusjonsfarta er førehandsinnstilt og kan ikkje endrast. Pumpa fungera best i romtemperatur. Høg eller låg temperatur kan påverke infusjonsfarta.

  • Pumpa fungerer best når den er plassert på same nivå som inngangen til kateteret ditt (same nivå som albue/overarm).

  • Ved aktivitet bør veska plasserast over skuldra for å sikre riktig høgde. 

  • Dersom pumpa er høgare eller lågare enn kateterkoblingen kan det påverke infusjonshastigheten. 

  • På natta plasser pumpa på omtrent same nivå som kateteret ditt. Ikkje legg pumpa under dyna – det kan føre til at legemidlet varmast opp. 

  • Du kan fint være aktiv så lenge du unngår at pumpa utsetjast for vatn, sterk varme eller kulde. 

  • Ein vil sjå at ballongen inne i pumpa blir gradvis mindre ettersom medikamentmengda minkar. Når ballongen er tom må pumpa skiftes av sjukepleiar. 

  • Ta kontakt med sykehuset dersom ballongen inne i pumpa forblir uendra i ett døgn.

Etter

Etter utskriving blir du følgt opp med nødvendige blodprøver og polikliniske timar. Du vil ha open retur tilbake til sengeposten ved klinisk forverring, problem med pumpa eller kateteret ditt. Viss du opplever problem med pumpa eller kateteret, må du kontakte sjukehuset med ein gong!

Dagleg aktivitet

Pumpen blir oppbevart i ei skulderveske eller i eit magebelte. Ha pumpa ved sida av deg i senga eller på nattbordet. Unngå å dekke til utstyret med dynen eller puta, då dette kan føre til at legemiddelet blir for varmt. Du kan utføre vanlege aktivitetar medan du er tilkopla pumpa. Unngå at antibiotikaposen kjem i direkte kontakt med sollys og hald avstand frå peisar/omnar som kan varme opp legemiddelet.

Venekateter

Det skal alltid vere ein steril bandasje over innstikkstaden. Bandasjen skal skiftast minst ein gong i veka av sjukepleiar. Kateteret er ikkje sydd fast og blir halde på plass med eit "låseplaster". Ta kontakt med legen eller sjukepleiaren din viss:

  • Det er teikn til rødhet og/eller hevelse rundt staden der kateteret er lagt.
  • Du observerer teikn til lekkasje frå infusjonssettet eller innstikkstaden.
  • Du observerer at kateteret har sklidd ut.
  • Du får feber og frysningar. Dette kan vere teikn på ein infeksjon.
  • Det er vedvarande bløding.

Dusjing

Du må vere tilkopla pumpa også dersom du skal  dusje. Pumpa toler kondens, men ikkje vatn. Det blir tilrådd at pumpa er utanfor dusjen. Pumpa må ikkje ligge på eit vått underlag. Vern pumpa til dømes med ein plastpose eller pakk den inn i ein handduk. Før dusjing dekker du heile kateteret med kompressar og dusjbandasje. Viss bandasjen blir fuktig, må han bytast av sjukepleiar. Legg dusjing til den dagen sjukepleiaren skal byte bandasjen rundt venekateteret ditt.

Antibiotikaposar

Antibiotikaposer eller antibiotikapumper blir produsert på sjukehusapoteket. Antibiotikaposen er haldbar i 24 timar under infusjon (romtemperatur) og fleire dagar i kjøleskapet (avhengig av type antibiotika).

Legg antibiotikaposane i kjøleskapet med ein gong du kjem heim. Oppbevar antibiotikaposane i midten av kjøleskapet (2-8 gradar). Obs, dei skal ikkje ligge i kjøleskapsdøra eller vere i kontakt med kjøleskapsveggene. Hald dei skild frå matvarer, og dei bør helst ligge på ei eiga hylle i kjøleskapet. Dersom du mottar heimesjukepleie til administrering av antibiotika må du oppbevare antibiotikaen heime i kjøleskapet.  

Tomme antibiotikaposar blir leverte tilbake til avdelinga eller på apoteket (pakka inn i plastpose). Viss restavfallet ditt går til forbrenning, kan du legge antibiotikaposane i ein plastpose som blir kasta i restavfallet.

Isoporkassane blir returnerte til sjukehusapoteket eller sengeposten når det er mogleg. Sjukehusapoteket leverer fleire antibiotikaposar heim til deg og tek kontakt med deg ved behov.

Nødvendig utstyr

Viss du manglar utstyr, ta kontakt med sjukehusapoteket. Utstyret kan berre hentast ut på sjukehusapoteket. Utstyret kan hentast eller leverast heim til deg ved behov.

Sensor

I samband med antibiotikabehandling heime testar sjukehuset ut ny sensorteknologi frå Biobeat for å måle blodtrykk, hjartefrekvens, temperatur, pustefrekvens og oksygeninnhald. Ved utskriving blir du kopla til ein brystmonitor eller klokke som vil ta målingar av deg i 5 dagar.

Utstyret tek målingar gjennom heile døgnet og gir nyttig og raskare informasjon om helsestatusen din. Målingane er ikkje meinte for å oppdage akutt forverring. Dette er ikkje ei løysing for akutthjelp. Kontakt legevakt eller ring 113 viss det hastar.

  • Skru på Bluetooth. Du må vere tilkopla Wi-fi eller mobildata for å registrere data.
  • Telefonen må vere i nærleiken av brystmonitoren (ca. 5-6 meter).
  • Last ned appen "Hospital at Home Chest monitor". Appen er gratis.
  • Søk opp serienummeret på brystmonitoren i appen.
  • Batteriet varer i ca. 5 dagar (med måling kvart 15. minutt). Blir kasta i avfall for batteri.
  • Du vil ikkje ha tilgang til eigne målingar heime.

  • Brystmonitoren består av to delar: sensorkapsel og patch til å plassere sensoren. 
  • Skru på sensorkapselen før bruk.
  • Fjern hår før plassering av patch. Sveitte kan føre til dårleg signal, byt patch ved behov eller etter dusj.
  • Sensoren toler ikkje vatn og må takast av ved dusjing. Byt patch etter dusj. 
  • Plasser sensoren under venstre kragebein, ca. 1 finger frå brystbeinet.
  • Den blå streken på brystmonitoren og patchen skal peike oppover.
  • Klips brystmonitoren inn på alle 4 sider.

Kontakt

  • Kontakt Medisinsk sengepost 2 Ålesund

    Oppmøtestad

    Medisinsk sengepost 2 ligg i 4. etasje i lågblokka.

    Blomar i forgrunn av Ålesund sjukehus

    Ålesund sjukehus

    Åsehaugen 5

    Transport

    Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, sjå kart under. 

    • Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst
    • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
    • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
    • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ ​

    Endra parkeringsområde og stengd inngang nord (poliklinikkinngangen) 

    20. november 2023 stengde vi Inngang nord (poliklinikkinngangen) og la om parkeringsområda ved Ålesund sjukehus i samband med ombygging. Under får du oversikt over dei nye parkeringsområda og korleis du lettast kjem til hovudinngangen.  

    Kart
    Stengd inngang er markert med raudt kryss. 

    Markerte område på bildet

    • Grøn markering: Parkering for pasientar/besøkande
    • Gul markering: HC-parkering
    • Raud markering: Parkering for blodgivarar
    • Blå markering: Parkering for besøkande med spesialbevis
    1. Hovudinngang
      Merk av- og påstiging "kyss og køyr sone" utanfor barne- og ungdomsavdelinga
    2. Administrasjonsbygget
    3. Akuttmottaket
    4. Alderspsykiatrisk døgn
    5. Alderspsykiatrisk poliklinikk
    6. Apotek
    7. Audiopedagogen
    8. Barne- og ungdomsavdelinga
    9. BUP
    10. Dagkirurgi Aust
    11. Habiliteringsbygget
    12. Kreftavdelinga
    13. Psykisk helsevern døgn
    14. Psykisk helsevern poliklinikk
    15. UPA
    16. Åse hotell
    17. Åsebøen 1
    18. Åsebøen 5

    Besøkande ved habiliteringsbygget, pårørande til barn ved audiopedagogen og barne- og ungdomsavdelinga kan få spesialbevis ved å ta kontakt med avdelingane.  

    ​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

    No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

    Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

    Buss

    Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

    Fly
    Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

    Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

    Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

    Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
     
    Praktisk informasjon

    ​​Besøkstida er kl. 17.00-19.00 alle dagar. ​

    ​Det er viktig at du tar med deg ei oppdatert medisinliste, som viser kva medisinar du bruker.

    Frukost kl 08:00 - 09:00

    Lunsj kl 12:00 - 13:00

    Middag kl 15:30 - 16:30

    ​Dersom du går ut av avdelinga må du på førehand avtale dette med pleiepersonalet. Om du ønskjer det, og behandlande lege tillet det, kan du få permisjonar over kortare tidsrom. Transportutgifter i samband med permisjonar må du dekke sjølv.

    ​Ta med behagelege klede, innesko og toalettsaker. Sjukehuset tar ikkje ansvar for pengar og verdisaker du har med.

    ​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

    Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

    Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

    Passord på SMS
    Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

    ​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

    ​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

    ​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

    Åse hotell

    Treng du nokon å snakke med? ​
    Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

    Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

    Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

    Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

    ​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

    Opningstid

    07.30–15.30

    ​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

    Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

    Kantina​

    Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

    Du finn oss​ i 1. etasje. Velkomen!

    Opningstider:

    • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
    • Helg og høgtid: stengt

    Kios​k

    I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 

    Opningstider:

    • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
    • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
    • Raude dagar: 10.00 - 18.00

    ​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

    Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

    Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

  • Kontakt Poliklinikk for infeksjonssjukdommar Ålesund

    Oppmøtestad

    Poliklinikken finn du på nordsida av sjukehuset (Åsehaugen 5A) i 1. etasje, meld deg i luka ved medisinske poliklinikkar.