Pasientar med obstruktiv søvnapné og partnarane deira er som regel særs godt fornøgd med PAP-behandling. Lyd frå maskina er lågare enn snorkelyd, og dei fleste føler seg meir opplagd på dagtid. Det er likevel cirka 25% som ikkje klarar å sove med PAP. I slike tilfelle er behandling med apnéskinne aktuelt.