Testen vert utført ved at du syklar på ergometersykkel eller går på tredemølle. Gje beskjed til medisinsk poliklinikk dersom du har plagar som medfører at testen ikkje kan utførast ved ein av desse metodane, slik at planlegginga av undersøkinga kan tilretteleggast.
Ein skal halde mest mogleg jamt tempo under sykling/gange. I starten vil belastinga vere lett. Testmaskina aukar automatisk belastinga med jamne mellomrom.
Målet er å teste inntil maksimal belastingskapasitet eller så nær maksimalt som mogleg. Testen avsluttast ved oppnådd maks belastingskapasitet eller dersom legen finn andre teikn der det er rett å stoppe testen, som for eksempel ved smerter i brystet.
Testen vert avslutta dersom du får smerter i brystet, eller dersom legen finn andre teikn der det vil vere rett å stoppe testen. For at testen skal bli best mogleg, er det viktig at du ikkje stoppar for tidleg.
Etter avslutta belasting, held registreringa fram i nokre minutt medan du får kvile på ein benk.