Arbeidsrettet rehabilitering (ARR) kan foregå som dag- eller døgntilbod.
Rehabiliteringsteamet ditt
Teamet består av fleire yrkesgrupper, som til dømes lege, fysioterapeut, sjukepleiar/vernepleiar og ergoterapeut.
Behandlingsform
ARR er eit tverrfagleg rehabiliteringstilbod med fokus på arbeid, og er i stor grad brukarstyrt. Det vil seie at du er ein aktiv deltakar i din eigen rehabiliteringsprosess.
Vi gjennomfører kartleggingar, der vi blir kjente med deg og utfordringane dine knytt til arbeid.
I fellesskap utformar du og teamet ein felles målsetjingsplan. Denne planen skal vere styrande for det vidare rehabiliteringsforløpet ved ARR.
Nokre tiltak i planen kan vere knytt til lokale aktørar og tilbod i nærmiljøet ditt.
Involvering av nettverk
Fastlege, arbeidsgivar, det sosiale nettverket ditt og lokale NAV- kontor vil vera viktige aktørar å samarbeida med.
Individuell plan og koordinator
Ved behov hjelper vi til med å setje i gang individuell plan, og dessutan å få oppnemnt koordinator.
Avsluttande samtaler
Når rehabiliteringsforløpet ditt nærmar seg slutten, vil du få ein avsluttande samtale med teamet. Vi går då gjennom mål, tiltak og kva som er planen vidare.
Digital eigenregistrering
Du kan logge inn i nettportalen frå smarttelefon, nettbrett eller PC. Etter innlogging kjem du direkte til spørsmåla som skal svarast på. Svara blir fortløpande lagra. Dersom du må avbryte, kan du fortsette besvarelsen seinare. Når du er ferdig, trykker du «levér».