Som regel vil familien allereie ha eit samarbeid med barnehage eller skule, helsestasjon, PPT, eller andre i førstelinjetenesta, som kommunepsykolog, barne- og familieteneste, barnevern eller andre før tilvisinga til BUP.
Kartleggingar, rapport eller andre framstillingar av tiltak og effekten av desse, bør leggast ved tilvisinga. Dersom barnet eller ungdomen har vore utsatt for traumatiske opplevingar bør det opplysast om dette.
Det er kjent at åtferdsvanskar og lærevanskar ofte opptrer samtidig og derfor bør det leggast ved ei eventuell kartlegging av evnenivå, til dømes frå PPT, og vurdering av korleis barnet eller ungdomen fungerer på skulen.
Det blir anbefalt å synleggjere psykososiale forhold, inkludert familieforhold og tilknyting til nære omsorgspersonar, samt korleis barnet fungerer sosialt i barnehage eller skule.
Risikofaktorar
For eldre barn og ungdom er det viktig at den som tilviser er merksam på risikofaktorar som rus, kriminalitet, voldsutøving, alvorlege truslar, utestenging og/eller skulk frå skule og fritidsaktivitetar, vagabondering eller andre måtar å utsetje seg sjølv og andre for fare.
Alle tilvisingar skal vere vurdert og underskrive av lege, psykolog eller barnevernsleiar.
Tilvisingsskjema til BUP kan lastast ned her (pdf).
Om ventetider
Helsedirektoratet har laga ein prioriteringsvegleiar som gir BUP-retningslinjer for ventetid.
Prioriteringsveileder