Abstinensbehandling
Abstinensbehandlinga er ei del av heile avrusingstilbodet som er skildra under.
Abstinensbehandling følgjer ofte svært individuelle behov. Vi ynskjer å gjere dykk bevisste på dykkar abstinenssymptom og kartlegge desse. Auka grad av bevisstheit og forståing kan vere med å dempe dette ubehaget. Ein brukar både legemidlar og alternative metodar i abstinensbehandlinga.
-
Før
Ingen forbredelser enten akutt eller planlagt
-
Under
Ein vesentleg del av tilnærminga og relasjonsbyggjinga byggjer på omsorg og empati i møte med deg. Spesielt i ei tid der du kanskje kjenner på abstinensar. Ved innleggjing vil du få ein PAK (pasientansvarlig koordinator) som har ansvar for å fylgje deg opp under opphaldet, og som kan hjelpe deg med å koordinere vidare oppfylgjing, anten du skal heim eller vidare i behandling.
Personell ved seksjonen gir hyppige tilsyn, og hjelper deg med basale behov i den tida du er tilbaketrukken på pasientrommet i abstinensperioden. Det leggjast vekt på å ha eit positivt og motiverande miljø for deg.
Som pasient får du individuelle motivasjons- og kartleggingssamtalar (Audit/Dudit/Alcohol-E/Dudit-E) saman med PAK som ein del av opphaldet. PAK vil også etablere kontakt med dine pårørande, og ha ein Birussamtale (barnesamtale) med deg dersom det er behov for det.
Det er eit mål for oss at personalet er til stade til ei kvar tid. Dette er for å kunne dempe og snu negative stemningar som kan oppstå i miljøet.
Miljøpersonell vil fylgje deg tett opp i forhold til ernæring, basale behov, kvile, rutinar og daglege turar. Vi kan tilby deg korte turar i nærmiljøet på kvardagar. På helg vil vi forsøke å leggje til rette for ein noko lenger tur, men tilrettelagt di somatiske og psykiske helse.
Vi oppfordrar deg til å levere inn mobiltelefonen under innlegginga. Vi ønskar å skjerma deg fra impulsar fra omgivelsane i den første fasen, og at du i denne fasen bare har kontakt med dine nærmaste pårørande. Vi kan tilby deg bruk av telefonen vår.
Behandling med legemiddel
Vi ynskjer å gje deg abstinensbehandling utan bruk av A- og B preparat. Dette blir kun brukt unntaksvis, og då som regel på medisinsk grunnlag. Vi tilbyr planlagde nedtrappingsløp i samarbeid med fastlege.
Alternativ abstinensbehandling
Gjennom erfaringsbasert kunnskap er det tatt i bruk nokre alternative metodar i abstinensbehandlinga som eit supplement til legemiddel, til dømes NADA-akupunktur.
Alkoholabstinens - symptomlindrande og førebyggjande behandling
Sidan ei rekkje ulike fagpersonar vil ha ansvar for å vera i kontakt med deg som pasient i løpet av eit døgn, er det viktig at det vert etablerert felles kliniske plattformer. Sentralt element i dette er bruk av standardiserte skåringsskjema som Clinical Institute Withdrawal Assessment for Alcohol (CIWA-A), Clinical Opiate Withdrawal Scale (COWS-skala) og Alcohol Use Disorder Identification Test (AUDIT).
Den vanlegaste måten er på førehand å føreskrive medikament, anten til fast bruk eller til bruk ved behov. Personalet vurderer saman med deg i kva grad det trengst behovsførskrevne medikament.
Alkoholiske krampar, hallusinasjonar, delirium tremens og Wernickes encefalopati er alvorlege komplikasjonar ved avrusing. Rettleiande farmakologisk behandling av alkoholabstinens og leiande symptom styrar behandlinga.
Behandling skal planleggjast ut i frå vurderingane ovanfor, og den avheng av kva for eit rusmiddel som er innteke, om det er eit middel, ein kjent blanding av fleire stoff, eller om det er uoversiktleg inntak av fleire stoff.
Generelle tiltak som bør vurderast ved mogleg abstinens
-
Generelt: Avrusing bør ikkje vera meir ubehageleg enn fysiologisk nødvendig, og felles for alle stoff er det viktig med ro, hvile og søvn!
-
Langsom nedtrapping av stoff (spesielt opiat og benzodiazepin), men då må stoffet vera påvist ved urinprøve eller blodprøve. Dette skal vurderast i samråd med lege.
-
Krampeprofylakse (spesielt alkohol, hallusinogen, GHB, ecstasy)
-
Behandling av
søvnproblem (gjeld dei fleste rusmiddel)
-
Psykoseprofylakse (spesielt hallusinogen, men også ved delir av alkohol, benzo eller GHB, ved amfetamin (depresjon, mani), ecstasy, kokain, ellers generell fare ved lite søvn, psykisk eller fysisk forkommen)
-
Kvalmeførebyggjande (spesielt alkohol, cannabis, opiat, GHB, ecstasy)
- Vurder også:
skjerming (spesielt viktig ved stimulerande og hallusinogene stoff)
- Vurder også:
symptomatisk behandling av andre plager
-
Etter
Planen for vidare oppfølgjing kan innehalde:
- Utskriving/overføring til heimkommune
- Vidare behandling ved andre seksjonar
- Tilvising til anna eining innan TSB
- Tilvising til poliklinisk oppfølgjing og eventuelt dagtilbod
- Tilvising til psykisk helsevern
Gå til
Abstinensbehandling
-
Avdeling
-
Avrusing TSB Ålesund
-
Stad
-
Ålesund behandlingssenter
Innkomst
Det første som skjer når du kjem er at vi har ein innkomstsamtale for å få informasjon om det som er viktig for oss å vite mens du er innlagt. Vi tar rustest (urinprøve) og måler promille før du får kome inn til avrusing. Vi vil gå gjennom kleda du har på deg og saman med deg undersøker vi også bagasjen din, for å sjekke at der ikkje er rusmiddel. Sjølv om du ikkje har med deg rusmiddel, gjer vi dette med alle som blir innlagde. Vi gjer det vi kan for at avrusinga skal vere ein trygg plass for deg, der du skal unngå å oppleve at andre er ruspåverka eller tilbyr deg rusmiddel når du er i ein sårbar fase.
Telefon
Vi oppfordrar deg til å levere inn mobiltelefonen under innlegginga. Vi ønskar å skjerma deg fra impulsar fra omgivelsane i den første fasen, og at du i denne fasen bare har kontakt med dine nærmaste pårørande. Vi oppfordrar deg til ikkje å ha kontakt med personar du har grunn til å tru kan vere ruspåverka. Dette for å beskytte deg mot eventuelt press utanfrå. Du har også ei moralsk teieplikt overfor medpasientane dine, og du vil difor ikkje kunne bruke fotoutstyr inkludert mobiltelfon med kamera i seksjonen. Dette for å beskytte både deg og andre som er innlagde. Velgar du å ha telefonen, må den på grunn av overnevnte personvern kun nyttast på pasientrommet ditt.
Pasientansvarleg koordinator (PAK)/behandlar
Under opphaldet får du ein eller to personar som har spesielt ansvar for å følge deg opp når du er innlagt. Dei vil saman med deg lage ein behandlingsplan ein av dei første dagane, slik at de er einige om kva dykk skal ha fokus på under avrusinga. Du får tilbod om å gjere ulike kartleggingar av rusmiddelbruken, for at vi skal finne ut korleis vi kan hjelpe deg på best mogleg måte. Vi følger med og kartlegg abstinensplagene dine heile tida du er her. Du vil òg få hjelp til å lage ein meistringsplan, som du får med deg når du reiser heim.
Lege
Legen vil i samarbeid med deg setje opp medisinar for å lindre abstinensplagene du eventuelt får. Viss du treng sjukemelding under innlegginga bør du ordne det med fastlege før du kjem til oss. Dersom du har behov for nedtrapping av medisinar skal dette vere eit samarbeid mellom fastlegen din og legen her, som må vere planlagt før du kjem til innlegging. Be fastlegen din ta kontakt med lege i avrusinga.
Kartlegging
Vi vil i løpet av tida du er innlagt forsøke å motivere deg for vidare behandling og hjelpe deg å finne ut kva type behandlingstilbod som kan passe for deg. I samarbeid med dei som følger deg opp i kommunen vil vi søke deg til den ønska behandlinga.
Miljøterapi
Klesvask
Vi har vaskemaskiner som du kan bruke alle dagar mellom klokka 09.00 og 20.00, så du treng ikkje ha med deg så veldig mykje klede under innlegginga. Du bør ta med deg treningsklede og innesko som du kan bruke i gymsalen og treningsrommet vi har dagleg tilgang til. Det er ikkje anledning til å bruke utesko i gymsalen. Vi går turar dagleg, så ta med deg turklede etter årstida.
Måltider
I avrusinga har vi frå måndag til fredag fire måltid per dag:
Frukost 09.00
Lunsj 12.30
Middag 15.45
Kvelds 19.30
I helga har vi følgande måltid:
Lørdag:
Frukost 10.00
Varm lunsj 14.30
Middag 19.00
Søndag:
Frukost 10.00
Middag 14.30
Kvelds 19.00
Møte
Måndag til fredag er det morgonmøte klokka 10.00 og ettermiddagsmøte klokka 16.15. På møta planlegg vi dagen og du får anledning til å melde deg på dagens aktivitetar. I helga har vi møte klokka 11.00 og 16.15.
Turar
Den dagen du vert innlagt ønsker vi å følge med på deg i forhold til abstinensar og du får ikkje tilbod om turar ut denne dagen. Elles vil du få vere med på turar ut så snart du er i form til det. Alle kvardagar får du bli med på morgontur klokka 10.30. Vi ønsker å legge til rette for at du får ein god døgnrytme og vi forventar at du deltar på morgonturane, viss forma tilseier det. Du får tilbod om turar kvar dag i tillegg til morgonturen.
Temagrupper
Tysdagar og fredagar har vi temagrupper der vi tar opp aktuelle tema. Desse får du vere med på frå den andre veka du er her.
Trening
Vi kan tilby deg trening, cirka ein time, alle dagar bortsett frå laurdagar. Treninga går føre seg etter middag. Vi har ein gymsal der du kan halde på med ballspel og andre aktivitetar. Det finst òg styrketreningsutstyr/apparat/vekter og utstyr for å drive uthaldstrening (tredemølle, ergometersyklar, stepmaskin og romaskin).
National Acupuncture Detoxification Association (NADA)
NADA-programmet blei i utgangspunktet utvikla med tanke på å lindre alle dei fysiske og psykiske plagene i avrusing av alkohol og narkotika. Samt i nedtrappinga av medisinar, primært Metadon og Benzodiazepiner. Mange av dei tilsette har gått kurs og kan tilby deg akupunktur etter NADA-protokollen. I praksis er dette først og fremst akupunktur i øyra, som kan lindre abstinensplagene du kan kome til å oppleve.
Pårørande
Ved innkomst må du oppgi kven du ønsker skal vere pårørande for deg. Du vel sjølv kven dette er. Vi tar så kontakt med dine pårørande og gir dei generell informasjon om institusjonen og inviterer dei til pårørandeseminar, som vi har tre gongar i året, du kan lese meir om det
herDu bestemmer kva vi kan seie til pårørande om deg og din situasjon. Vi har teieplikt, med mindre du ønsker at vi skal gi informasjon om deg og den behandlinga du får.