Behandling

Avrusing frå alkohol ved Ålesund behandlingssenter

Avrusning frå alkohol bør skje på institusjon når det er fare for alvorlege avrusingsreaksjonar, når du tidlegare har hatt delirium tremens (akutt forvirring utløyst av alkoholabstinens) eller abstinenskramper. Det er også tilrådeleg viss du har samtidige alvorlege somatiske eller psykiske helseproblem, andre kompliserande tilstandar (som graviditet) og viss du har avhengigheit av fleire rusmiddel eller blandingsmisbruk.

Avrusing på institusjon inneberer medikamentelle, medisinske, miljøterapeutiske og sosiale tiltak for å hjelpe deg å kome gjennom avrusings- og abstinensfasen. Du får tilbod om opphald i eit skjerma miljø med individuelle tiltak for akkurat din tilstand.

Før

Du bør lage deg ei oversikt over alkoholforbruket ditt den siste tida, slik at dei medisinske og miljøterapeutiske tiltaka kan tilpassast behovet ditt best mogleg. Dersom du har erfaringar med avrusing frå tidlegare, og veit kva som fungerer for deg, bør du informere behandlaren din om dette.  Det er viktig at du seier ifrå om eventuelle episodar med forvirring eller kramper under avrusing, då dette auker faren for at det kan skje igjen. Du vil få behandling for å førebygge dette.

Vi vil ta kontakt med fastlegen din/tilvisar, men vi vil at du informerer oss om kroppslege eller psykiske plager du ønsker at vi skal vete om eller forsøke å hjelpe deg med.

Mange gruer seg til avrusinga og slit med eigenmotivasjonen før innlegginga. Dette er noko vi kan hjelpe deg med om du seier ifrå om dette.

Viss du lurer på noko, kan du ta kontakt med oss.

Treng du transport til samtale/ innlegging? Les om pasientreiser på helsenorge.no

Under

I innkallingsbrevet står det informasjon om stad og tidspunkt for oppmøte til innlegging. Nyleg inntak av rusmiddel er inga hindring for å møte til avtalt tidspunkt. Vi kan ta i mot deg i den forma du er.

Når du kjem til avdelinga blir du tatt imot av helsepersonell, og du blir undersøkt av lege. Du blir bedt om å avgi promilletest (blåsetest).

For å førebygge faren for utvikling av Wernickes encefalopati, som kan oppstå som følge av mangel på tiamin (vitamin B),  vil du få tilbod om B- vitamininjeksjonar dei første dagane. Vi anbefaler sterkt at du tar imot dette.  Vi vil i den første tida måle puls og blodtrykk, og sjekke andre symptom på abstinensar, slik at du kan få rett medisinsk behandling og for å førebygge komplikasjonar.

Viss du er i fare for å utvikle kramper, vil du få medisin som førebygger dette. Nok søvn og mat er viktig for at du skal kome best mogleg gjennom denne fasen. Du opphalder deg på rommet og blir oppfordra til å sove mykje dei første dagane. På generell basis varer denne fasen ca ei veke.

Etter

Avrusing er som regel den første delen av eit lengre behandlingsforløp. Eventuell oppfølging etter opphaldet vil anten avklarast før du kjem eller i løpet av behandlinga.

Vi kommuniserer med fastlege og eventuelle andre som skal følgje deg etter behandlinga. Det kan for eksempel vere kommunal oppfølgingsteneste, legemiddelassistert rehabilitering (LAR), apotek, ruskonsulent, rusteam og liknande.

Informasjon blir kun videresendt til andre instansar med tillating frå deg.

Vi kan formidle kontakt med likemannstiltak og andre tilbod som kan vere til støtte for deg etter behandlinga som Anonyme alkoholikere (AA), Anonyme narkomane (NA) og liknande.

Kontakt

Ålesund behandlingssenter Avrusing TSB Ålesund

Kontakt Avrusing TSB Ålesund

Oppmøtestad

Resepsjonen ved hovudinngangen.

Adresse

En bygning med parkeringsplass

Ålesund behandlingssenter

Ålesund behandlingssenter

Vestmoa 27

Transport

Ålesund behandlingssenter ligg ca 5 minutts gange nordvest for bussterminalen på Moa. Gå mot Spjelkavik kyrkje. Det er for tida vegarbeid i området, det medfører alternativ tilkomst til behandlingsenteret. Sjå bilda under.

Et skjermbilde av et videospill
Kart
Bilde som viser kor du kan gå for å kome deg til Ålesund behandlingssenter.
Kart
Bilde som viser kor du kan køyre for å kome deg til Ålesund behandlingssenter. 

 

Praktisk informasjon

​Besøkstid er alle dagar kl. 17.00-19.00. Ta kontakt med oss før besøket.

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Endre/avbestille time

Skulle du ha behov for å endre time kan du ringe 70 17 13 62 mandag - fredag i tidsrommet 08.00 – 16.00. Det er viktig at du ringer så snart som råd dersom oppsett time ikkje passer.

Ta kontakt med personalet for informasjon om trådlaust nett.

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta