Avrusing frå alkohol ved Ålesund behandlingssenter

Avrusing TSB Ålesund

Avrusning frå alkohol bør skje på institusjon når det er fare for alvorlege avrusingsreaksjonar, når du tidlegare har hatt delirium tremens eller abstinenskramper, viss du har samtidige alvorlege somatiske eller psykiske helseproblem, andre kompliserande tilstandar (som graviditet) og viss du har avhengigheit av fleire rusmiddel eller blandingsmisbruk.

Innleiing

Avrusing på institusjon inneberer medikamentelle, medisinske, miljøterapeutiske og sosiale tiltak for å hjelpe deg å kome gjennom avrusings- og abstinensfasen ved rusmiddelavhengigheit. Du får tilbod om opphald i eit skjerma miljø med individuelle tiltak for akkurat din tilstand.

1. Før

Du får først time til førehandssamtale med behandlaren din. I denne samtalen ser de på tilvisinga di. Her kan du stille dei spørsmåla du måtte ha. Du og behandlaren din går gjennom og lagar ein plan for behandlinga.

Du kan også få omvising på avdelinga viss du ønsker det, i tillegg til informasjon om rutinar og generelt behandlingsopplegg.

Du bør lage deg ei oversikt over alkoholforbruket ditt den siste tida, slik at dei medisinske og miljøterapeutiske tiltaka kan tilpassast behovet ditt på best mogleg vis. Dersom du har erfaringar med avrusing frå tidlegare, og veit kva som fungerer best for deg, er det også viktig å informere behandlaren din om dette.  Det er veldig viktig at du opplyser oss om eventuelle episodar med delir eller kramper, då dette vil auke faren for at det kan skje igjen, og du må få behandling for å førebygge dette.

Vi vil ta kontakt med fastlegen din/tilvisar, men det er også ønskeleg at du informerer oss om eventuelle kroppslege eller psykiske plager du ønsker at vi skal vete om eller forsøke å hjelpe deg med.

Veldig mange gruer seg til avrusinga og slit med eigenmotivasjonen før innlegginga. Dette er noko vi kan hjelpe deg med, så sei ifrå om dette.

Viss du gløymer å spørje om noko eller lurer på meir etter samtalen, kan du når som helst ta kontakt med oss.

Treng du transport til samtale/ innlegging? Les om pasientreiser på helsenorge.no

2. Under

I innkallingsbrevet står det informasjon om stad og tidspunkt for oppmøte til innlegging. Nyleg inntak av rusmiddel er inga hindring for å møte til avtalt tidspunkt. Vi kan ta i mot deg i den forma du er.

Du får eit behandlingsteam, som ofte består av ein behandlar og to sjukepleiarar/miljøterapeutar.

Når du kjem til avdelinga blir du tatt imot av kyndig helsepersonell, og du blir undersøkt av lege. Du blir bedt om å avgi promilletest (blåsetest) slik at vi kan vete om du har promille og at den eventuelt er synkande.

For å førebygge faren for utvikling av Wernickes encefalopati, som kan oppstå som følge av vitamin B,  vil du få tilbod om B- vitamininjeksjonar dei første dagane. Vi anbefaler sterkt at du tar imot dette.  Vi vil i den første tida måle puls og blodtrykk, og også sjekke andre symptom på abstinensar, slik at du kan få rett medisinsk behandling og for å førebygge komplikasjonar.

Viss du er i fare for å utvikle kramper, vil du få medisin som førebygger dette. Dette vil legen informere deg om.
Nok søvn og mat er viktig for at du skal kome best mogleg gjennom denne fasen, så du får opphalde deg på rommet og blir oppfordra til å sove mykje dei første dagane. På generell basis varer denne fasen ca ei veke.

3. Etter

Avrusing er som regel den første delen av eit lengre behandlingsforløp.  Vidare behandling og eventuell oppfølging etter opphaldet vil anten avklarast før du kjem eller i løpet av behandlinga.

Vi kommuniserer elektronisk med fastlege og eventuelle andre du vil ha bruk for når det gjeld oppfølging etter opphaldet, for eksempel kommunal oppfølgingsteneste, LAR, apotek, ruskonsulent, rusteam og liknande.

Informasjon blir kun videresendt til andre instansar med tillating frå deg.

Vi kan formidle kontakt med likemannstiltak og andre tilbod som kan vere til støtte for deg etter behandlinga (som AA, NA og liknande)

Ver merksam

Kontaktinformasjon

Avrusing TSB Ålesund
Besøkstider
måndag - sundag kl 17:00 -19:00. Ta helst kontakt med oss før besøk.
Telefon
70 10 50 00 . Forløpskoordinator pakkeforløp 913 32 355
Sentralbord Ålesund sjukehus
E-post
Postadresse
Ålesund behandlingssenter
Vestmoa 27
6018 Ålesund
Ålesund behandlingssenter
Besøksadresse
Ålesund behandlingssenter(Kart)
Vestmoa 27
Telefon
70 10 50 00

Slik kjem du deg til Ålesund behandlingssenter

 Ålesund behandlingssenter ligg ca 5 minutts gange nordvest for bussterminalen på Moa. Gå mot Spjelkavik kyrkje.

ÅlesundBS_Nyefarger.jpg 

Praktisk informasjon

Barn som pårørande

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Besøkstid ved seksjon for avrusing

​Besøkstid er alle dager mellom kl 17:00 -19:00. Anmoder om at man tar kontakt med seksjonen og avklarer før besøk.

Internett/WiFi

Ta kontakt med personalet for informasjon om trådlaust nett.

Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.