Avrusing frå opioider ved Ålesund behandlingssenter

Avrusing TSB Ålesund

Personar som ønsker avrusing av opioider bør innleggast på institusjon etter anbefaling frå helsedirektoratet sine retningsliner for avrusing. Opioider er her brukt som felles nemning på preparat/rusmiddel som for eksempel heroin, morfin, metadon og buprenorfin.

Innleiing

Avrusing på institusjon inneberer medikamentelle, medisinske, miljøterapeutiske og sosiale tiltak for å hjelpe deg å kome gjennom avrusings- og abstinensfasen ved rusmiddelavhengigheit. Du får tilbod om opphald i eit skjerma miljø med individuelle tiltak for akkurat din tilstand.

Her er Helsedirektoratet sine retningsliner for avrusing frå rusmiddel og vanedannande legemiddel

Tilvising og vurdering

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Tverrfagleg spesialisert behandling av rusmiddelproblem (TSB) omfattar tilbod om døgnbehandling, dagbehandling og polikliniske tenester.

Kven kan tilvise?

Tilvising til tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) kan kome frå:

  • Sosialtenesta/NAV
  • Barneverntenesta
  • Fastlege/allmennpraktiserande lege
  • Privatpraktiserande legespesialist
  • Lege ved andre delar av spesialisthelsetenesta
  • Lege i fengselshelsetenesta
  • Anna helsepersonell som har rett til å tilvise til spesialisthelsetenesta

Kva skal tilvisinga innehalde?

Tilvisinga skal danne grunnlaget for vurderingane som skal gjerast. Det er derfor viktig at den inneheld mest mogleg komplett informasjon om pasienten og forholda rundt.

Tilvisinga skal innehalde følgjande informasjon:

  • Personopplysingar  (namn, adresse, fødselsnummer, telefon)
  • Familieforhold/sosial status
  • Sysselsetting/trygdestatus
  • Uteståande dommar/planlagt soning
  • Historikk rusproblematikk, inkludert tidlegare behandling og skildring av dagens situasjon
  • Historikk og vurdering av psykisk- og somatisk helse
  • Medisinering
  • Mål for iverksett/planlagt habilitering/rehabilitering
  • Involverte instansar, inkludert skildring av samarbeidsrelasjonar
  • Vurdering av rett til Individuell Plan
  • Samtykke til innhenting av relevante opplysingar
  • Relevante epikriser
  • Forslag til type tiltak
  • Vurdering av om det er behov for avrusing for å kunne gjennomføre behandling

1. Før

Du får først time til førehandssamtale med behandlaren din. I denne samtalen ser de på tilvisinga di. Her kan du stille dei spørsmåla du måtte ha. Du og behandlaren din går gjennom og lagar ein plan for behandlinga.

Dersom du er tilknytta LAR vil vi samarbeide med desse om behandlinga di viss det er ønskeleg.

Du kan også få omvising på avdelinga viss du ønsker det, i tillegg til informasjon om rutinar og generelt behandlingsopplegg.

Du bør lage deg ei oversikt over opioidinntaket ditt den siste tida, slik at dei medisinske og miljøterapeutiske tiltaka kan tilpassast behovet ditt på best mogleg vis. Dersom du har erfaringar med avrusing frå tidlegare, og veit kva som fungerer best for deg, er det også viktig å informere behandlaren din om dette. 

Vi vil ta kontakt med fastlegen din/tilvisar, men det er også ønskeleg at du informerer oss om eventuelle kroppslege eller psykiske plager du ønsker at vi skal vete om eller forsøke å hjelpe deg med.

Veldig mange gruer seg til avrusinga og slit med eigenmotivasjonen før innlegginga. Dette er noko vi kan hjelpe deg med, så sei ifrå om dette.

Viss du gløymer å spørje om noko eller lurer på meir etter samtalen, kan du når som helst ta kontakt med oss.

Treng du transport til samtale/ innlegging? Les om pasientreiser på helsenorge.no

2. Under

I innkallingsbrevet står det informasjon om stad og tidspunkt for oppmøte til innlegging. Nyleg inntak av rusmiddel er inga hindring for å møte til avtalt tidspunkt. Vi kan ta i mot deg i den forma du er.

Du får eit behandlingsteam, som ofte består av ein behandlar og to sjukepleiarar/miljøterapeutar.

Når du kjem til avdelinga blir du tatt imot av kyndig helsepersonell, og du blir undersøkt av lege. Legen treng nøyaktig informasjon om siste tids inntak slik at den medikamentelle delen av avrusingsbehandlinga kan gjerast så skånsam som mogleg.

Vi monitorerar abstinensproblematikk kontinuerleg den første tida ved hjelp av anerkjente verktøy. Desse målingane vil hjelpe deg og legen til å finne ein best mogleg nedtrappingsplan. Kva medikament som blir brukt i denne fasen vil variere.

Du vil få tilbud om tilrettelagde miljøterapeutiske tiltak som kan hjelpe mot abstinensplager i denne fasen. Lengda på avrusingsperioden vil variere ut frå tidlegare inntak av rusmiddel, vanlegvis frå to til åtte veker.

3. Etter

Avrusing er som regel den første delen av eit lengre behandlingsforløp, vidare behandling og eventuell oppfølging etter opphaldet vil anten avklarast før du kjem eller i løpet av behandlinga.

Ver merksam

Kontaktinformasjon

Avrusing TSB Ålesund
Besøkstider
måndag - sundag kl 17:00 -19:00. Ta helst kontakt med oss før besøk.
Telefon
70 10 50 00 . Forløpskoordinator pakkeforløp 913 32 355
Sentralbord Ålesund sjukehus
E-post
Postadresse
Ålesund behandlingssenter
Vestmoa 27
6018 Ålesund
Ålesund behandlingssenter
Besøksadresse
Ålesund behandlingssenter(Kart)
Vestmoa 27
Telefon
70 10 50 00

Slik kjem du deg til Ålesund behandlingssenter

 Ålesund behandlingssenter ligg ca 5 minutts gange nordvest for bussterminalen på Moa. Gå mot Spjelkavik kyrkje.

ÅlesundBS_Nyefarger.jpg 

Praktisk informasjon

Barn som pårørande

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Besøkstid ved seksjon for avrusing

​Besøkstid er alle dager mellom kl 17:00 -19:00. Anmoder om at man tar kontakt med seksjonen og avklarer før besøk.

Internett/WiFi

Ta kontakt med personalet for informasjon om trådlaust nett.

Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.