Atterhald om ver
Når det er dårleg vêr kan ikkje UTE-PDT blir gjennomført.
Forbehandling heime med Locobase Renew
Veka før behandlinga: Huda på behandlingsstaden smør du med Locobase Renew. Smør kvar kveld den siste veka før behandling, men la ver å smørje dei to siste kveldane før behandling. Ikkje bruk krem eller sminke i behandlingsområdet den dagen du skal behandlast.
Kva gjer du om du bruker faste medisinar?
Bruker du faste medisinar tek du med ei liste over desse. Viss du nyttar blodfortynnande medikament, rådfører du deg med fastlegen din om du kan la vere å ta dette medikamentet dagen før behandlinga og behandlingsdagen.
Før du kjem til timen: Smør deg med solkremen faktor 30 eller høgare minst ein ½ time før du kjem til behandling.