Behandling av osteoporose har som målsetting å styrke beinvevet og minske risiko for nye brot. Behandlinga kan innebere både endring av livsstil og medikament mot beinskjørheit. Ved osteoporose som skuldast annan sjukdom, rettar behandlinga seg også mot den aktuelle sjukdommen.
Ikkje-medikamentelle tiltak (ting du kan gjere sjølv)
Fysisk aktivitet kan ha gunstig innverknad på skjelettet, styrke musklar og redusere falltendens. Kosthaldet er viktig, særleg er det viktig med nok kalsium og vitamin D. Tilskot med kalsium og vitamin D kan vere nødvendig. Røyking og overforbruk av alkohol har negativ verknad på beinvev, og røykeslutt og reduksjon av alkoholinntak er viktig. Tiltak for å førebygge fall (som for eksempel synsundersøking, fjerne snublefeller i heimen, blodtrykksmåling og ein gjennomgang av medikamenta dine hos fastlegen) samt eventuelt hoftebeskyttarar kan vere nyttig for dei som er ustø til beins.
Medikamentell behandling
Tilskot av kalsium og vitamin D er ofte nødvendig. Vanleg førstevalsbehandling er bisfosfonater. Bisfosfonater hemmar nedbryting av beinvev og aukar beintettleiken ved at meir kalk blir bunde til skjelettet. Eksempel på slike middel er alendronat, risedronat og zoledronat. Alendronat og risedronat er tablettar som ein skal ta ein gong i veka, mens zoledronat (Aclasta) blir gitt intravenøst ein gong i året. Det er viktig at du tar tablettane nøyaktig slik det står i brukarrettleiinga og at du ikkje utelet den enkelte gongar. Dette er for at medisinen skal verke best mogleg. Andre medikament mot beinskjørheit er teriparatide (Forsteo, sprøyter som blir gitt dagleg i inntil to år) og som aukar mengda bein i skjelettet, og denosumab (Prolia, sprøyter som blir gitt ein gong i halvåret) og som verkar tilsvarande som bisfosfonater.
Hjelper behandlinga?
Medikament kan redusere risiko for nye brot med inntil 50 prosent. Dette betyr at dersom risikoen er låg i utgangspunktet, kan ein ikkje forvente så stor tilleggseffekt. Dersom risikoen er høg (for eksempel hos eldre kvinner med tidlegare brot og påvist osteoporose) vil 50 prosent nedgang i risiko ha stor betyding.