I ein hyperakutt fase ved hjerneslag vil blodtrykket vere høgare enn vanleg. For at blodtrykket ikkje skal bli for høgt, vil det i nokre tilfelle vere behov for å senke blodtrykket. Du får då medikament for dette, anten intravenøst eller i tablettform. Blodtrykksverdiane for når behandlinga blir starta er ulik frå hjerneblødning, hjerneinfarkt, og om du får trombolyse eller ikkje.
Behandlinga krev ingen førebuingar. Blodtrykket ditt blir målt hyppig i akuttfasen.
Du får blodtrykksmedisinen i tablettform eller intravenøst via ein venekanyle i handa. Blodtrykket blir målt hyppig under behandlinga.
Dosering og varigheit av behandlinga varierer ut frå responsen blodtrykksmedisinen gir.
Vi måler framleis blodtrykket ditt etter behandlinga. Resultatet av målingane vil vere førande for vidare medisinering.