Blodtrykksmåling

Blodtrykket er det trykket som blodet utøvar mot veggen i blodkara, når det strøymer gjennom desse. Med blodtrykk meiner vi som regel det arterielle blodtrykket, altså det blodtrykket som vert målt i arteria (pulsårane). Det er dette blodtrykket som vert målt hos legen.

Innleiing

Blodtrykket vert angitt med to adskilte tal av ein skråstrek. Overtrykket er trykket i arteriane når hjartet trekk seg saman, og kallast også det systoliske trykket. Undertrykket er trykket i arteria mellom hjerteslaga, altså når hjartet kviler. Dette trykket kallar vi det diastoliske trykket. Eit blodtrykk på 150/90 betyr altså at trykket er 150 når hjartet trekk seg saman, og 90 når hjartet kviler.

Når hjartet trekk seg saman, vert det pumpa blod ut i arteriane. Hos yngre mennesker gir veggen i blodkara litt etter når trykkbølga kjem. Men dess eldre ein blir, dess mindre elastiske årer får ein. Eldre personar med lite elastiske årer får eit høgare systolisk trykk fordi årene har dårlegare evne til å utvide seg. Av same grunn kan det diastoliske blodtrykket synke.

Også andre faktorar som trening, åreforkalkning (aterosklerose) og sinnstilstanden kan påverke blodtrykket. Fysisk aktivitet fører til ein blodtrykksstigning grunna auka hjartefrekvens samt at ein større blodmengde vert pumpa ut i arteriane for kvart hjarteslag. Aterosklerose kan auke motstanden i arteriane slik at blod vanskelegare kjem vidare i sirkulasjonen

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

1. Før

Undersøkinga krev inga førebuing.

2. Under

Blodtrykket blir målt av lege eller sjukepleiar. Blodtrykksmansjetten, som blir sett rundt overarma, blir blåst opp ved hjelp av ein liten ballong, så mansjetten strammar litt rundt arma. Mansjetten er forbunde med eit blodtrykksapparat, kor trykket i mansjetten kan avlesast.

3. Etter

Resultatet av blodtrykkestesten får du med ein gong, og eventuelt behov for behandling kan iverksettast.

Kontakt