Når du kjem, treng testledaren nokre opplysningar frå deg, som når du pleier å legge deg og når du står opp. Vi fester ein blodtrykksmansjett på din venstre arm. Denne er kopla med ein slange til eit lite apparat (10 x 10 cm) som du ber med deg i ei veske. Apparatet er på førehand programmert til å ta fleire blodtrykksmålingar og måle pulsen gjennom døgnet. Mest vanlege er at blodttrykket blir målt to gonger i timen om dagen/kvelden, og ein gong i timen om natta. Den tida du går med blodtrykksapparatet, skal du ha så normal aktivitet som mogleg.
Du får ofte eit aktivitetsskjema kor du skal fylle inn kva du gjer i løpet av døgnet. Skjemaet skal du ta med med dagen etterpå når utstyret av.
Du kan ikkje dusje eller bade når du har på deg testutstyret. Det er viktig at du har ein så vanleg dag som mogleg og tar minst mogleg omsyn til blodtrykksmålingane når du planlegg dagen.
Testen gjer i utgangspunktet ikkje vondt, men når blodtrykksmansjetten blir blåst opp, kan dette bli opplevd som ubehageleg.