HELSENORGE
Avdeling for ØNH, tann/kjeve Molde

Botoxbehandling ved spastisk dysfoni (stemmeband)

Stemmelidinga spastisk dysfoni er ukontrollerte spasmer (kramper) i stemmebandsmuskulaturen. Pasientar med spastisk dysfoni får hakkete, pressa stemme. Årsaken til spastisk dysfoni er ukjent. Injeksjon med Botulinumtoxin (Botox) i stemmebandsmuskulaturen har ofte god effekt ved denne tilstanden.

Før

Behandlinga krev ingen spesielle førebuingar.

Under

Inngrepet blir gjennomført poliklinisk i lokalbedøving.

Du får først inhalasjon med lokalbedøving via forstøvar, og deretter får du meir lokalbedøving via eit fleksibelt laryngoskop (tynn, bøyleg slange med eit kamera på enden) som blir ført via nasen ned til strupen. Via dette injiserer vi Botox i muskulaturen nær stemmebanda.  

Etter

Etter behandlinga skal du vere til observasjon på poliklinikken i 20 minutt.

Du kan bruke stemma som vanleg, men den kan vere hes og svak dei første dagane. Nokre kan også få litt vondt for å svelge dei første dagane, men dette går oftast over av seg sjølv.

Effekten av behandlinga kjem vanlegvis etter 24 - 72 timar. Stemmebandsmuskulaturen blir mindre spastisk og stemma normaliserast. Dei fleste har effekt i 3 - 4 månader, og så må ein gjenta behandlinga.

Tilvising til logoped kan vere aktuelt.

Kontaktinformasjon

Informasjon om timeavtale og besøk

Har du fått innkalling til time, er blodgivar eller skal besøke nokon på sjukehuset? 

Sjå våre smitteverntiltak og gjeldande rutinar

Parkering

​​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet.

  • Kjøp billett på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst
  • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
  • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ ​

Praktisk informasjon

Barn som pårørande

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Besøkstid Molde sjukehus

Mandag-fredag: kl. 17.00-19.00

Laurdag-søndag: kl 16.00-18.00 

Ta kontakt med den aktuelle avdelinga før besøket. 

Har du andre spørsmål om besøkstider, kontakt den sengeposten det gjeld eller Helse Møre og Romsdal sitt sentralbord, tlf.  71 12 00 00


 

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Ladestasjon for el-bil

​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

Parfyme

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

Preste- og samtaletenesta

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Servicetorget

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

Kvardagar: 07.30–21.00

Laurdag og søndag: 10.00–19.00

Sjukehusapoteket i Molde

Spisestader

Kantina​

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i sokkeletasjen (aust). Velkomen!

Opningstider:

  • Måndag til fredag: 09.00 - 15.30
  • Laurdag og søndag: stengt

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

Fann du det du leita etter?