Brystkreft
Brystkreft er vondarta forandringar som oppstår i brystkjertelvevet. Det er den mest hyppige krefttypen hos kvinner. Nesten alle brystkreftsvulstar kan fjernast, og operasjon er den primære behandlingsmetoden for dette. Nokre gongar er det formålstenleg å gi medisinsk behandling for å minske svulsten før operasjon.
Tilvising og vurdering
Når fastlegen har begrunna mistanke om kreft skal du bli tilvist direkte til eit pakkeforløp for kreft. Eit pakkeforløp er eit standardisert pasientforløp som skildrar organiseringa av utgreiing og behandling, kommunikasjon/dialog med deg og dine pårørande, i tillegg til ansvarsplassering og konkrete forløpstider.
Om du er etterinnkalt etter mammografiscreening skal det ta maksimalt 15 dagar frå screeningundersøkinga til du skal på etterundersøking.
Pasientinformasjon om pakkeforløp for kreft (helsedirektoratet.no)
Forløpskoordinator sørger for å sette opp timane du skal ha i utgreiinga.
Utredning
I løpet av dette tidsrommet blir det gjort undersøkingar av deg for å avklare om du har kreft eller ikkje. Dei fleste skal no gjennom det som blir kalla trippeldiagnostikk. Det består av tre undersøkingar:
- Klinisk undersøking av brystet
- Mammografi og/eller ultralydundersøking
- Nålebiopsi. Det vil seie at vi bruker ein nål for å ta prøver av cellene i svulsten. Dette gjer vi for å avdekke om svulsten er vondarta eller ikkje.
Det kan vere nødvendig med fleire undersøkingar. Dette får du informasjon om undervegs.
Når resultata frå undersøkingane og prøvene er klare, vil vi som oftast kunne avklare om du har kreft eller ikkje. Beslutning om diagnose blir tatt.
Pasientinformasjon - utgreiing ved mistanke om brystkreft (helsedirektoratet.no)
Aktivitet etter undersøking av brystet
Du trenger ikkje å ta noken spesielle omsyn etter undersøkinga. Du kan vere i aktivitet og gå på jobb som vanleg.
Resultat av utgreiinga
Det kan ta inntil sju dagar å få svar på undersøkingane du har vore gjennom.
Pakkeforløp heim
Alle pasientar som får ein kreftdiagnose, blir inkludert i pakkeforløp heim for pasientar med kreft. Gjennom pakkeforløpet går vi gjennom dei individuelle behova dine for tenester og oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga.
Behandling
Viss du har kreft, planlegg vi no kva behandling som er best for deg. Beslutninga om behandling tar vi i lag med deg, vanlegvis basert på vurderingar som er gjort i eit tverrfagleg team-møte.
Samval inneber at du mottek informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Så kan du saman med helsepersonell sjå desse opp mot kvarandre, ut ifrå kva som er viktig for deg.
Her er tre spørsmål du kan stille din behandlar:
- Kva alternativ har eg?
- Kva fordelar og ulemper er moglege ved desse alternativa?
- Kor sannsynleg er det at eg vil oppleve nokre av desse?
Her finn du verktøy som kan hjelpe deg til å ta valet.
For pasientar med brystkreft vil som regel eit eller fleire av følgjande behandlingsalternativ vere aktuelle: operasjon, cellegift og/eller strålebehandling. Operasjon er den vanlegaste behandlinga. Nokre pasientar får cellegift eller strålebehandling i tillegg.
Forundersøkingar til operasjonen
Noken pasienter skal ha samtale og førebuande dag hos sjukepleiar før operasjonen. Da får du rettleiing, og dere går gjennom relevant informasjon. Hos nokre vil det vere behov for å merke kulen i brystet og lymfeknutane under armen før operasjon. Vil vil også ta blodprøver.
Operasjonsdagen
Tilleggsbehandling
Når vi idag behandler brystkreft, kombinerer vi ofte fleire behandlingsmåtar for å gi best mogleg behandlingsresultat, og for å gi den enkelte pasient moglegheiter for å bevare brystet. Størrelsen på og eigenskapane til svulsten, eventuell lymfeknutespreiing og alderen din vil ha betydning for kva type behandling som blir valt. Ikkje alle treng tilleggsbehandling.
Lindrande behandling
Ved langtkomen kreft der sjukdommen ikkje kan kurerast, finst det no ei rekke moglegheiter både til livsforlengande behandling og god symptomførebygging og symptomlindring.
Mange kan leve bra i årevis med kreft som har spreidd seg, og mange dør av heilt andre årsaker.
Kliniske studiar
9 kliniske studiar er opne for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.
- Optimalisert beslutning om bruk av cellegift ved hjelp av molekylær profil-analyse ved operabel brystkreft
- Klinisk pilotstudie for risikobasert persontilpasset brystkreftscreening
- Persontilpasset behandling før brystkreftoperasjon
- Kosttilskuddet Niagen og forebygging av hjerteskade etter cellegiftbehandling for brystkreft
- Immunterapi mot avansert kreftsykdom med NRG1-fusjon
- IMPRESS Norway
- Utprøving av radium-223 diklorid ved HER2-negativ brystkreft og skjelettmetastaser
- Behandling av oligometastatisk brystkreft
- Avbrudd i hormonbehandling etter brystkreft ved graviditet
Oppfølging
Dagkirurgiske pasientar kan reise heim etter operasjonen. Det er viktig at du tar kontakt med avdelinga dersom du har mistanke om infeksjon eller lignande.
Behov for rehabilitering
Etter kreftbehandling vil nokre ha behov for rehabilitering. Dette for å kome raskare tilbake til eit normalt liv etter behandlinga. Vanlegvis anbefaler vi dette tidlegast ein til to månader etter avslutta behandling. Snakk med behandlande lege eller fastlegen din om dette.
Nyheiter
Kurs
- Dato kjem