Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Cøliakibehandling med glutenfri kost

Cirka 1–2 prosent av den norske befolkninga har cøliaki. Sjukdommen har blitt meir vanleg, og helsevesenet har blitt flinkare til å stille diagnosen. Cøliaki er ein autoimmun sjukdom som kjem av oversensibilitet for proteinet gluten. Glutenfri kost er den einaste behandlinga av cøliaki. Behandlinga er livslang når diagnosen er stilt.

Har du cøliaki kan du bli du syk av å spise mat som inneholder gluten. Sykdommen er kronisk, men de fleste blir symptomfrie med et glutenfritt kosthold.

Les meir på helsenorge.no

Proteinet gluten finst i kveite, rug, bygg og spelt. Ved cøliaki vil inntak av gluten gjere at immunsystemet i slimhinna til tynntarmen blir aktivert, og tarmtottane blir nedbrotne. Følgene er at evna tarmen har til å ta opp næringsstoff frå kosten, blir svekt, og heile kroppen blir påverka av betennelsen.

Cøliaki er ein kronisk sjukdom. Når den blir behandla med eit glutenfritt kosthald, blir dei aller fleste heilt friske. Sjukdommen kan oppstå i alle aldrar frå småbarn til vaksne. Dei aller fleste får diagnosen i vaksen alder.

Tilvising og vurdering

Utgreiing av cøliaki skal starte i primærhelsetenesta. Fastlegen startar alltid med å ta ei blodprøve som blir send til eit immunologisk laboratorium. Det finst også hurtigtestar som blir selde på apotek. Bruk av desse er omdiskutert.

Når vi finn ei positiv blodprøve, eller det er annan grunn til at vi mistenker cøliaki, blir du tilvist til spesialist (gastroenterolog). Du må ta gastroskopi med vevsprøver (biopsi) av tynntarmsslimhinna. Det er viktig at du har ete glutenhaldig kost i 6–8 veker før gastroskopien, tilsvarande cirka 2–3 skiver brød per dag. Dette er for å kunne påvise dei typiske forandringane på tarmtottane.

For barn gjeld eigne retningslinjer for utgreiing baserte berre på blodprøver. Barn skal vurderast av barnelege ved positiv blodprøve. Når diagnosen er stilt, tilviser vi deg for opplæring i glutenfri kost.

Det varierer mellom sjukehusa om opplæring skjer ved individuell kostrettleiing hos klinisk ernæringsfysiolog, ved kurs om glutenfri kost for nyoppdaga cøliaki, eller om du må lære deg omlegging til glutenfri kost sjølv.

Norsk Cøliakiforening (NCF, www.ncf.no) oppfordrar primærlegane i landet til å «tenke på cøliaki» ved ei rekke ulike symptom, som er vanlege ved ubehandla cøliaki:

  • periodevis/langvarig diaré
  • kronisk forstopping og luftsamlingar
  • kjensle av oppblåsenheit
  • kronisk jern- og vitaminmangel
  • vantrivsel
  • påfallande trøyttleik
  • uforklarlege magesmerter
  • beinskjørheit
  • manglande vektauke (vekttap), og dårleg høgdevekst (hos barn)
  • emaljeskadar på permanente tenner

Det er svært viktig ikkje å introdusere glutenfri kost før diagnosen er stilt av spesialist. Når gluten blir fjerna frå kosten blir tarmtottane normaliserte forholdsvis raskt. Da vil det vere vanskeleg å stille diagnose.

Ved mistanke om cøliaki blir det først tatt ei blodprøve som måler Iga antistoff mot enzymet transglutaminase 2 (tTG eller TG2) i tynntarmen. Nesten alle med klart forhøgd nivå av Iga anti-TG2 har cøliaki. Ein kan ha cøliaki sjølv om blodprøva ikkje viser forhøgde nivå.

Etter blodprøve blir ein vevsprøve tatt (biopsi) av tynntarmen. Legen (spesialist) fører da ein slange ein kan sjå igjennom (fiberoptisk gastroskop) forbi matrøyr og magesekk ned til tynntarmen. Derfrå blir det henta opp små bitar av slimhinna i tynntarmen. Bitane blir undersøkte i mikroskop etterpå, og ein diagnose kan stillast. Gastroskopi er ei ufarleg og rask undersøking. Ein kan oppleve ubehag ved å skulle svelge «slangen», men dette kan dempast med bedøving.

Nærare informasjon om diagnostisering og krav til tilvising finst i Retningslinjer for diagnostisering, behandling og oppfølging av cøliaki (for helsepersonell) på www.ncf.no.

Før

Den viktigaste førebuinga før oppstart med glutenfri kost, er at du ikkje startar utan at diagnosen cøliaki er stilt av gastroenterolog.

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser deg til spesialisthelsetenesta for diagnostisering, må understreke kor viktig det er at du ikkje prøver ut glutenfri kost på eiga hand.

Mange personar i befolkninga vel å ete glutenfri mat sjølv om dei ikkje har cøliaki. I slike tilfelle snakkar vi gjerne om «ikkje-cøliakisk glutensensitivitet». Nyare forsking tyder på at dette er ein variant av «irritabel tarm syndrom». Diagnostikk av denne tilstanden er vanskeleg.

Under

Glutenfri kost betyr eit kosthald som ikkje inneheld kveite, rug og bygg, og heller ikkje variantar av desse kornsortane (som spelt, durumkveite, enkorn, emmer, tritikale og kamut). Havre har protein som liknar på gluten, men i låg mengde. Dei aller fleste cøliakarane toler havre. Men mange havreprodukt som kjeks og kornblandingar kan vere forureina med gluten gjennom produksjonsprosessen. I Noreg anbefaler vi derfor spesialprodusert, glutenfri havre til cøliakarar.

Når du skal legge om til glutenfritt kosthald bør du få rettleiing frå klinisk ernæringsfysiolog, enten i gruppeundervisning eller individuelt. Avhengig av kor lenge du har hatt udiagnostisert cøliaki, kan det ha oppstått oversensibilitetstilstandar som krev andre kostomsyn i tillegg til «berre» glutenfritt. Kanskje treng du tilskot av visse vitamin og mineral.

Til hjelp i overgangen til eit glutenfritt kosthald har du behov for informasjon om kva produkt som inneheld gluten og kva (spesial) produkt som er glutenfrie. Gjærbakst er utfordrande å få til glutenfritt, men det har komme mange fine oppskrifter som du kan teste ut. Cøliakiforeininga har god informasjon om dette.

Utvalet av glutenfri mat i daglegvareforretning, helsekost og nettbutikkar er aukande og blir stadig betre. Det er veldig mykje du framleis kan ete og drikke sjølv om du har glutenintoleranse. Kunnskapen hos restaurantar og kantiner har også blitt mykje betre.

Det er viktig at du ikkje legg om til glutenfritt kosthald før sikker diagnose er stilt av gastroenterolog. Med sikker diagnose har alle med cøliaki krav på grunnstønad frå NAV. Informasjon om grunnstønad og om glutenfritt kosthald finst på www.ncf.no.

Kosthaldsrettleiing ved cøliaki

Einaste medisin for personar med cøliaki er glutenfritt kosthald. Opplæring innanfor kosthald er avgjerande for å bli frisk.

Sjå film om kosthaldsrettleiing
Ikon

Kliniske studiar

1 klinisk studie er open for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.

Sjå fleire kliniske studiar

Etter

Behandlinga av cøliaki med glutenfri kost er livslang. Tynntarmsslimhinna blir vanlegvis heila av seg sjølv når gluten blir fjerna frå kosten. Om du er nøye på å ete 100 prosent glutenfritt, vil du fortsette å vere frisk.

Tilstandane «komplisert» og «refraktær» cøliaki er heldigvis sjeldne. Oslo universitetssykehus (OUS) har spesiell kompetanse innanfor utgreiing av cøliaki inkludert dei kompliserte tilfella som ikkje blir bra av glutenfri kost.

Etter at du har fått påvist cøliaki, er det viktig med oppfølging. Spesielt dei to første åra. Somme stader blir du følgt opp av spesialist, andre stader av fastlege. Barn skal ha oppfølging hos barnelege. Etter tre månader anbefaler vi oppfølging hos klinisk ernæringsfysiolog med gjennomgang av kostbehandlinga. Ved mange sjukehus blir ein tilvist til cøliakikurs ved lærings- og meistringssenteret.

Etter rundt 12 månader med kostbehandling bør det takast antistoffprøver. Nokre stader tilbyr ein også rutinemessig oppfølging med gastroskopi med biopsi for å sikre at slimhinna er heila.

Vi anbefaler deretter regelmessig kontroll kvart anna år (vaksne).

Ved oppfølging kontrollerer vi den kliniske statusen din og ernæringsstatus. Eventuelt tar vi blodprøver, avhengig av klinisk situasjon. Nokon kan ha låge nivå av jern, zink, vitamin D og B12, og vil da ha behov for tilskot.

Spesielle forhold hos barn

Barn bør følgast av barnelege, og kontrollane bør skje oftare hos barn enn hos vaksne, minst éin gong årleg. Ved oppfølging kontrollerer vi høgda til barnet og vekt og klinisk status. Kosthaldet til barnet skal vere allsidig og det bør bli tilrettelagd og følgt opp av klinisk ernæringsfysiolog.

Kva er eigentleg cøliaki?

Dette er ein opplæringsvideo laga til personar med cøliaki – og deira pårørande.

Sjå videoen
Ikon

Ver merksam

Ubehandla cøliaki betyr at du lever med ei skadd tynntarmsslimhinne, som er ein risikosituasjon. Det er svært viktig at du følger glutenfri kost 100 prosent og livet ut, om du har fått diagnosen cøliaki.

Ifølge Norsk Cøliakiforening (www.ncf.no) er det grunn til å tru at fleire tusen personar er udiagnostiserte med cøliaki i Noreg.

Kontakt

Ålesund sjukehus Poliklinikk for mage/tarmsjukdommar Ålesund

Kontakt Poliklinikk for mage/tarmsjukdommar Ålesund

Oppmøtestad

Poliklinikk for mage- og tarmsjukdommar er lokalisert i 4. etasje i lågblokka, på nordsida av sjukehuset.

Adresse

Opningstider
  • I dag STENGT
Blomar i forgrunn av Ålesund sjukehus

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Transport

Parkering

Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, like ved innkøyringa til sjukehuset. Sjå kart over sjukehusområdet. 

  • Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst.
  • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid.
  • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare.
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. ​
  • Besøkande med HC-kort har betalingsfritak på parkeringsplassar med HC-merking. 

Stengde inngangsparti i samband med byggearbeid

Poliklinikkinngangen er stengt

20. november 2023 stengde vi poliklinikkinngangen, (inngang nord, Åsehaugen 5a) og la om parkeringsområda ved Ålesund sjukehus i samband med ombygging. 

Inngang A til psykiatribygget er stengt

9. september 2024 stengde vi inngang A ved psykiatribygget (Åsehaugen 7a). Pasientar, pårørande og andre besøkande skal bruke inngang på austsida for å kome til psykiatribygget (punkt 13 på bildet). Tilkomst via gangsti frå hovudinngangen (Åsehaugen 5d) på sjukehuset.  

Kart
Markerte område på bildet
Grøn markering: Parkering for pasientar/besøkande
Gul markering: HC-parkering
Raud markering: Parkering for blodgivarar
Blå markering: Parkering for besøkande med spesialbevis

Avdelingar og inngangar på sjukehusområdet

Hovudinngang Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5D
Administrasjonsbygget
Åsehaugen 1
Akuttmottak
Åsehaugen 5C
Alderspsykiatrisk døgn
Åsehaugen 7C
Alderspsykiatrisk poliklinikk
Åsehaugen 7B
Apotek
Åsehaugen 5A
Audiopedagogen
Åsehaugen 9
Dagkirurgi aust
Åsehaugen
Barne- og ungdomsavdelinga
Åsehaugen 11
Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP)
Geilebergvegen 20
Døgnseksjonen psykisk helsevern for barn og ungdom
Geilebergvegen 16
Habiliteringsbygget
Åsehaugen 3
Kreftavdelinga
Åsehaugen 17
Psykiatribygget
Åsehaugen 7A
Inngangen er midlertidig stengt i samband med byggearbeid. Bruk inngang på austsida av bygget. Tilkomst via gangsti ved hovudinngangen til Ålesund sjukehus.
Vaksenpsykiatrisk poliklinikk
Geilebergvegen 20
Åse hotell
Åsehaugen 7
Åsebøen 1
Åsebøen 5

​Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:

No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Ålesund sjukehus. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. 

Fly

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Kantina​

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i 1. etasje. Velkomen!

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kios​k

I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
  • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
  • Raude dagar: 10.00 - 18.00

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.