Medisinsk poliklinikk Volda

CPAP-behandling ved Volda sjukehus

Dei fleste med moderat og alvorleg obstruktiv søvnapné (minst 15 pustestopp per time) vil trenge behandling med CPAP.  

Ventetider

Innleiing

CPAP er ei forkorting for Continuous Positive Airway Pressure eller på norsk: kontinuerleg positivt luftvegstrykk. 

CPAP er ei lita maskin som ved hjelp av ei vifte sender ein luftstraum gjennom ein slange fram til ei komfortabel maske på nasen til brukaren (eller maske over nase og munn). Det positive lufttrykket når fram til svelget og held luftvegane opne gjennom natta. 

CPAP har solid dokumentasjon for god effekt mot pusteforstyrringar, søvnigheit og betra livskvalitet.

Tilvising og vurdering

Helsepersonell

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Før

Oppstarten av CPAP-behandling skjer vanlegvis ved god opplæring og tilpasning av maske på sjukehus på dagtid. Deretter prøver du utstyret heime nokre netter - alternativt på sjukehus, før neste oppfølging med justering av utstyret og oppklaring av spørsmål du har.

Under

Behandlinga varer vanlegvis heile livet, men enkelte pasientar kan bli kvitt sjukdommen ved livsstilsendring. Dette kan eventuelt undersøkast ved ny polygrafiundersøking. Vellykket CPAP-behandling er avhengig av at utstyret blir brukt minst 5 - 6 timar kvar natt. 

Ein mindre del av pasientar med obstruktiv søvnapné (OSANE) har i tillegg hypoventilasjon om natta. Hypoventilasjon betyr at du pustar for svakt i forhold til behovet til kroppen, og dette slår særleg hos pasientar med betydeleg overvekt. Tilstanden kallast då adipositas hypoventilasjonssyndrom. Legen avdekker tilstanden ved å analysere nivået av karbondioksid i blodprøve. Dette blir behandla anten med CPAP eller BIPAP (bilevel positive airway pressure). BIPAP er ei meir avansert maskin som leverer luftstraum til maska i to trykknivå- eit noko høgare blåsetrykk i innpustfasen i forhold til i utpustsfasen. 

BIPAP blir òg brukt hos pasientar med sentral søvnapné (CSA).

Etter

Ver merksam

Kontaktinformasjon

KORONAVIRUSET: Viktig informasjon til pasientar, blodgivarar og besøkande

​For å unngå koronasmitte har vi restriksjonar for besøk på sjukehusa. Viss du har fått innkalling til time, eller planlegg eit besøk, må du gjere deg kjent med gjeldande rutine.

Gjeldande rutine finn du her

Praktisk informasjon

Barn som pårørande

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Ladestasjon for el-bil

​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

Parfyme

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.


Parkering

Ved Volda sjukehus finn du dei fleste parkeringsplassane på oppsida (nordsida) av sjukehuset. I tillegg er det noko parkeringsareal mellom DPS-et og hovudbygget. Det er kostnadsfritt å parkere ved sjukehuset. HC-parkering ved hovudinngangen, akuttmottaket, DPS og BUP. Det er moglegheit for av- og påstiging rett utanfor hovudinngangen.


 

Preste- og samtaletenesta

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Servicetorget

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

08.00–16.30

Spisestader

På grunn av koronapandemien er kantina for tida kun open for tilsette i Helse Møre og Romsdal.

Vi har middagsservering kvar dag frå kl 12.00 - 16.00 i tillegg til litt kioskvarer, krigler, kaker og påsmurt brødmat. Vi har også pålegg og brødmat som du kan smøre sjølv.

Kantina har følgjande opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 08.00 - 16.00
  • Laurdag og søndag: kl 12.00 - 16.00

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

Fann du det du leita etter?