Om du har Crohns sjukdom vurderer vi nå om du skal ha behandling og eventuelt kva behandling som er best for deg.
Du har rett til å vere med å bestemme og vi avgjer saman med deg. Dette kallast samval. Om det finnast fleir moglegheiter, får du informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Då kan du vurdere desse opp mot kvarandre, ut frå kva som er viktig for deg.
Her er tre spørsmål du kan stille oss:
- Kva alternativ har eg?
- Kva fordelar og ulemper er moglege ved desse alternativa?
- Kor sannsynleg er det at eg vil oppleve nokon av desse?
Medisinsk behandling
Medisinsk behandling av Crohns sjukdom har tre hovudprinsipp:
- Anfallsbehandling for å slå ned akutt og kronisk betennelse slik at pasienten får mindre plagar (behandlingseffekt) eller ikkje lenger har plagar eller tegn til betennelse i tarmen (remisjon)
- Vedlikehaldsbehandling for å hindre tilbakefall
- Hindre komplikasjonar av sjukdommen og langtidsskade av tarmen
Nokre medisinar blir berre brukt til å slå ned betennelse mens andre blir gitt både som anfallsbehandling og vedlikehaldsbehandling.
Les meir om betennelsesdempande- og immunhemmande legemiddel på helsenorge.no
Crohns sjukdom er ein sjukdom ein har heile livet og behandlinga kan derfor også vere livslang. Dei fleste pasientar får behandlingseffekt av anfallsbehandlinga innan ei veke. Det kan imidlertid ta betydeleg lengre tid før ein er i remisjon.
Effekten av medisinar som skal brukast over lengre tid kan ta 3-5 månader, men vurderast vanlegvis etter 3 månader.
Ved utilfredsstillande effekt vil ein vurdere å skifte til anna type behandling.