computertomografi caput
CT av hovudet
CT er ei røntgenundersøking der vi tar tverrsnittbilete av aktuelle område i kroppen.
Kvifor gjer vi undersøkinga?
CT-undersøking er nyttig for å:
- undersøke blødingar, aneurismer (utposingar på blodkar), hjernesvulstar og hjerneskader
- oppdage svulstar og andre prosessar i heile kroppen
- vurdere om kreftbehandling verkar
- avklare infeksjonar og betennelsestilstandar
- vurdere organskadar etter skader (traumer)
- vurdere tilstandar i muskel og skjelett
- ta vevsprøve (biopsi)
I nokre tilfelle må vi setje kontrast i blodårene, men dette er avhengig av kva vi skal sjå etter på bileta.
Tilvising og vurdering
Tilvising frå lege på sjukehuset eller primærhelsetenesta.
Før
Nokre CT-undersøkingar kan innebere førebuingar som blodprøvetaking eller faste/tarmtømming. Førebuingane varierer ut få kva som skal undersøkjast. Informasjon om korleis du skal førebu deg til undersøkinga vil du få i innkallingsbrev eller ved avdelinga når timen blir avtalt. Gi beskjed til legen som tilviser deg, dersom du har forhøya stoffskifte, eller om du tidlegare har hatt reaksjonar på intravenøs kontrast, som har kravd behandling.
CT blir vanlegvis ikkje brukt ved graviditet. Er du gravid, må du kontakte tilvisande lege og opplyse om dette, i god tid før undersøkinga.
Amming
Overgang av kontrastmiddel til morsmelk er minimal, og du kan ta CT sjølv om du ammar.
Førebuing på sjukehuset
Metallgjenstandar som knappar, glidelås, belte og liknande, må takast vekk frå området som skal undersøkjast. Dette for å sikre best mogleg kvalitet i bileta.
CT med intravenøs kontrastvæske
I nokre tilfelle må vi setje kontrast i blodårene, men dette er avhengig av kva ein skal sjå etter på bileta.
Dersom du skal ha kontrast i åra, får du eit plastrør (kanyle) lagt inn i ei blodåre. Du vil på førehand bli spurt om du har hatt reaksjonar på kontrastmiddel tidlegare, og enkelte andre risikofaktorar.
Under
Korleis undersøkinga blir utført vil variere ut frå kva som skal undersøkjast.
Som regel tar undersøkinga mellom 10 – 30 minutt. Sjølve bilettakinga tek berre nokre få minutt.
Under undersøkinga ligg du på ein motorisert benk, som flyttar deg gjennom den korte opninga av CT-maskina. Når bileta blir tekne, beveger benken på seg. Det er heilt avgjerande for biletkvaliteten at du ligg i ro under heile undersøkinga. Ved nokre undersøkingar blir du bede om å halde pusten i nokre sekund når bileta blir tatt. Dette for å unngå unødige bevegelsar i lunge- og mageregionen. Undersøkinga er smertefri.
Personalet går ut av undersøkingsrommet når bileta blir tekne. Dei kan sjå deg gjennom eit vindauge, og høyre deg gjennom ein mikrofon i maskina.
CT med intravenøs kontrastvæske
Når kontrasten passerer gjennom organa i kroppen, blir det teke bilete i serie av dei ulike organa. Når kontrastvæska blir gitt, er det vanleg å få ei varmekjensle i kroppen, men denne kjensla forsvinn etter kort tid.
Kliniske studiar
1 klinisk studie er open for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.
Sjå fleire kliniske studiarEtter
Ved CT-undersøking der kontrast er gitt intravenøst, ber vi deg vente på avdelinga i 30 minutt etter at kontrasten blei sett inn. Vi tar ut venekanylen etter ventetida.
Resultat av undersøkinga
Bileta blir granska av ein røntgenlege (overlege) som lagar ein skriftleg rapport av kva bileta viser. Rapporten blir send legen som tilviste deg. Bileta og rapporten blir lagra i datasystemet vårt.
Inneliggande pasientar får vanlegvis svar neste dag.
Ver merksam
Normalt sett er det ingen risikoforhold forbunde med denne undersøkinga. CT-undersøkinga inneber røntgenstråler og undersøkingane skal vere tilpassa slik at stråledosen er så låg som mogleg.
CT med kontrast
I svært sjeldne tilfelle kan enkelte få eit kløande utslett på kroppen opptil ei veke etter å ha fått kontrast. Kjøp i så tilfelle reseptfri allergimedisin, eventuelt kontakt fastlegen din.
Røntgenkontrast gir svært sjeldan alvorlege allergiliknande reaksjonar.