Curettage
Curettage (skraping)
Curettage betyr skraping og er ein metode som blir brukt til å fjerne svulstar i huda. Metoden blir ofte kombinert med brenning av sårflata (elektrokoagulasjon).
Kvifor gjer vi undersøkinga/behandlinga?
Curettage og eventuelt brenning er ei av behandlingsmoglegheitene ved visse typar hudkreft, særleg basalcellekreft. Hudlegen vil etter undersøking av svulsten avgjere om dette er ein metode som er aktuell for deg.
Før
Behandlinga krev vanlegvis ingen førebuingar.
Under
Legen set lokalbedøving og skrapar bort det sjuke vevet ved bruk av eit skarpt instrument. Etter skrapinga blir såra ofte brunne med straum slik at alle kreftceller blir øydelagde og såra sluttar å blø. Deretter blir såret dekt med sårkrem og tørr bandasje, som kan sitte på eit par dagar.
Behandlinga skjer poliklinisk og tar vanlegvis cirka 30 minutt.
Etter
Bandasjen kan fjernast etter nokre dagar. Såret gror best om det ikkje blir dekt til med plaster eller liknande.
Dersom det skulle blø litt frå såra dei første dagane, kan du trykke med ein kompress. Det vil danne seg ei skorpe som du forsiktig kan prøve å fjerne etter 2–3 veker. Huda vil da sjå raud og tynn ut, men dette betrar seg over tid.
Curretage med eller utan brenning gir lite arrdanning, men lyseraude eller bleike merke etter behandlinga er vanlege. Det aktuelle området må vernast mot sol i minst eitt år etter behandlinga.
Ver merksam
Komplikasjonar er sjeldne etter curettage, men hudinfeksjon kan førekomme. Dersom såret eller huda omkring blir raud, varm, hoven og smertefull i dagane etter prosedyren må du kontakte lege, enten legen som behandla deg eller fastlege/legevakt.