HELSENORGE
Kirurgisk og ortopedisk poliklinikk, Kristiansund

Cystoskopi - undersøking av urinblæra og urinrøret, Kristiansund

Cystoskopi er ei undersøking av urinblæra og urinrøret. Eit tynt instrument (skop) blir ført inn gjennom urinrøret og opp i urinblæra. Cystoskopet kan vere stivt eller bøyeleg. Legen kan sjå gjennom cystoskopet, eller det kan vere kopla til ein skjerm. På denne måten kan legen inspisere urinblæra, prostata og urinrøret.

Ventetider

Innleiing

Cystoskopi blir mellom anna gjort ved mistanke om kreft i blæra. Pasientar med påvist og behandla overflatisk blærekreft blir også fulgt opp med denne undersøkinga etter faste intervall for å sjå etter tilbakefall.

Ved enkelte sjukehus blir fotodynamisk diagnostikk brukt ved cystoskopi.

Fotodynamisk diagnostikk

Ved cystoskopi med fotodynamisk diagnostikk (PDD) bruker vi eit middel som heiter heksaminolevulinate. Heksaminolevulinate er utvikla for å utgreie kreft i urinblæra. Middelet blir sprøyta inn i urinblæra før undersøkinga. Middelet blir tatt opp av eventuelle kreftceller. Denne forma for undersøking kan vere nyttig for å finne uvanlege celleforandringar i overflatelaget, som er flate og ikkje alltid blir oppdaga ved tradisjonell cystoskopi i kvitt lys.

Når vi bruker dette middelet, saman med eit blått lys på cystoskopet, vil forandringar i vevet vise i form av endra fargestruktur. Svulsten vil då lyse raudt.

Før

Rett før undersøkinga blir du bedt om å tømme blæra. Kvinner som har menstruasjon kan også få gjennomført undersøkinga.

Under

Cystoskopinstrumentet blir ført inn i blæra via urinrøret. Forandringar i blærevevet blir kartlagt. Ved behov tar vi vevsprøver frå mistenkelege område. Dette blir gjort ved å føre inn ei lita tang gjennom skopet, som gjer det mogeleg å ta prøver av forandringar i slimhinna. Undersøkinga tar vanlegvis 10-15 min.

Etter

Du kan ha blod i urinen og svie ved vasslatinga i 1 - 2 dagar etter undersøkinga. Du bør drikke godt, 1 1/2 til 2 liter same dag. Ved vedvarende svie og hyppig vasslating bør du levere ei urinprøve ved fastlegekontoret ditt, då desse symptoma kan vere teikn på urinvegsinfeksjon.

Oppfølging blir avtalt individuelt etter diagnose og behandlingsopplegg.

Ver merksam

Ved vedvarende svie og hyppig vasslating etter undersøkinga bør du levere ei urinprøve ved fastlegekontoret ditt, då desse symptoma kan vere teikn på urinvegsinfeksjon.

Kontaktinformasjon

Informasjon om timeavtale og besøk

Har du fått innkalling til time, er blodgivar eller skal besøke nokon på sjukehuset? 

Sjå våre smitteverntiltak og gjeldande rutinar

Parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet.

  • Kjøp billett på parkeringsautomat eller i mobillapp (EasyPark eller Kristiansund parkering) ved ankomst
  • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
  • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
  • Appene EasyPark og Kristiansund parkering er også gode betalingalternativ ​

Praktisk informasjon

Barn som pårørande

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Besøkstid Kristiansund sjukehus

Besøkstida er 17.00-19.00 alle dagar.  ​



Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Ladestasjon for el-bil

​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

Parfyme

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

Preste- og samtaletenesta

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Servicetorget

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

Kvardagar: 07.30–17.30

Laurdag og søndag: stengt

Sjukehusapoteket i Kristiansund

Spisestader

Kantina​​​

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar. Du finn oss i 2. etasje. Velkomen!

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 10.00 - 14.00
  • Helg og høgtid: stengt  

Kiosk

I tillegg har vi kiosk i 1. etasje ved Kristiansund sjukehus.

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

Fann du det du leita etter?