Under EKG-takinga ligg du på ein undersøkingsbenk/i seng, og du må ta av deg kleda på overkroppen.
Vi festar klistrelappar med leidningar på huda, ein på kvar arm og kvar fot, i tillegg til 6 leidningar på brystet. Ved behov barberer vi områda der klistrelappane skal festast. Deretter koplar vi leidningane til EKG-apparatet, som registrerer dei elektriske impulsane i hjartet.
Sjølve undersøkinga tar ca 5 minutt og er heilt smertefri. Du merker ikkje at registreringa blir utført. Resultatet blir best om du ligg stille.