HELSENORGE
Ultralyd av hjartet / Poliklinikk for hjartesjukdommar Ålesund

Ekkokardiografi

Ultralyd av hjartet brukast til å vurdere struktur og funksjon på hjartekammera og hjarteklaffane.

Ventetider

Innleiing

Ultralydundersøking er ofte nok til å avgjere om ein pasient bør opererast eller halde fram med kontrollar eller medisinsk behandling. 

Før

Ingen spesielle førebuingar er nødvendig.

Prøv å unngå å ta hurtigvirkande vanndrivande dei siste 2 timane før undersøkinga. 

Undersøkinga vert gjort med eit ultralydhovude plassert på brystveggen. Det er nødvendig med god kontakt mellom lydhovudet og huda. Du må difor vanlegvis kle av deg på overkroppen. Bruk gjerne klede som er relativt enkle å ta av og på. 

Under

Tidsperspektiv: Frå 15 minutt til 1 time

Du vert vanlegvis bedt om å legge deg over på venstre side. Hjertet fell då fram mot brystveggen og vert lettare undersøkt. 

Når ein trykker med lydhovudet mot ein stad over lengre tid kan det verte litt ømt. Dette er ufarlig, men sei gjerne ifrå viss det skjer. 

Under undersøkinga vil lydhovudet bli flytta til ulike stader på brystveggen, og du vert av og til bedt om å endre stilling. 

Undersøkinga vil gi opplysningar om korleis dei ulike hjartekammera fungerer, storleik, samanstrekkingsevne og veggtjukkelse. 

Ein vil sjå om venstre hjartekammer (hovedpumpa til hjartet) er skada eller til dømes eit hjarteinfarkt.  Ein vil få nokså nøyaktige opplysingar om korleis dei fire klaffane i hjartet fungerer, og kjennskap til trykkforholda i hjartet. Ein vil sjå om den første delen av hovedpulsåra er utvida. Når det gjeld medfødde hjartesjukdommar vil ultralydundersøking vanlegvis gi fullstendige opplysningar om kva for feil det dreiar seg om. 

Ultralydundersøking er ofte nok til å avgjere om ein pasient bør opererast eller halde fram med kontrollar eller medisinsk behandling. 

Hovudbegrensninga ved undersøkinga er at ein ikkje kan sjå forsnevringar på kransearteriane i hjartet, dvs. slike endringar som gir angina. Slike endringar må evt. vurderast ved hjelp av andre typar undersøkingar. 

Hos ein del pasientar kan det vere vanskeleg å få tilstrekkeleg innsyn frå brystveggen. I slike høve, og enkelte andre høve, kan det bli aktuelt med andre undersøkingsmetodar.

Etter

Undersøkinga er heilt ufarleg, og det er ikkje naudsynt med særlege tiltak etterpå.

Kontaktinformasjon

Informasjon om timeavtale og besøk

Har du fått innkalling til time, er blodgivar eller skal besøke nokon på sjukehuset? 

Sjå våre smitteverntiltak og gjeldande rutinar

Kart og parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, sjå kart under. 

  • Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst
  • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
  • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ ​

 

Praktisk informasjon

Barn som pårørande

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Ladestasjon for el-bil

​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

Parfyme

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Preste- og samtaletenesta

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Servicetorget

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Spisestader

Kantina​

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i 1. etasje. Velkomen!

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kios​k

I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
  • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
  • Raude dagar: 10.00 - 18.00

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

Fann du det du leita etter?