Eksempelvis kan ein person med smittetvang trene ved først å ta på noko dei vurderer som "litt skitent". Det kan vere eit tørkepapir, som så vidt har vore borti eit anna tørkepapir, som igjen har vore i kontakt med enden på ein tannpirkar, og denne har vore borti ei bok på ein stad personen opplever som skitent. Dette er "eksponeringa". "Responsprevensjonen" består i at ein ikkje skal vaske seg etterpå.
Eit anna eksempel er å forlate huset og sjekke låsen berre éin gong (eksponering) utan å gå tilbake og sjekke igjen (responsprevensjon). Personen ven seg ganske raskt til den situasjonen som gir angst, og oppdagar at angstnivået har gått betydeleg ned. Vedkomande kan gå vidare til å ta borti noko som er meir "forureinsa", eller ikkje sjekke låsen i det heile, utan å utføre den rituelle åtferda (vasking eller sjekking).
Det fins rikeleg dokumentasjon som viser at eksponering og responsprevensjon (ERP) er ein effektiv metode. Generelt er dette rekna å vere den mest effektive behandlinga for tvangslidingar (OCD).