HELSENORGE
Poliklinikk for hjartesjukdommar Ålesund

Elektrokonvertering av hjerteflimmer (atrieflimmer og atrieflutter) ved Ålesund sjukehus

Atrieflimmer eller atrieflutter er ei hjarterytmeforstyrring i hjartets elektriske system som gir uregelmessig og hurtig puls. Elektrokonvertering er ei behandling for å få tilbake normal hjarterytme. Vi utfører alltid behandlinga i lett narkose.


Innleiing

Kva er atrieflimmer/atrieflutter?

Elektrokonvertering er ei behandling for å få tilbake normal hjarterytme. Ved hjelp av ein hjertestartar får du eit elektrisk støt gjennom brystet. Vanlegvis oppnår ein normal hjarterytme, men i enkelte tilfelle vil ikkje atrieflimmeret forsvinne. Det kan då bli nødvendig med endring av medisinar.

Behandling med elektrokonvertering gir nødvendigvis ingen varig effekt, atrieflimmeret kan komme tilbake etter kortare eller lengre tid.

Tilvising og vurdering

Helsepersonell

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Helsepersonell

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Før

Ved atrieflimmer er det auka fare for danning av blodpropp. Det er derfor viktig at du brukar blodfortynnande medikament.

Det finst ulike alternativ for medikamentell blodfortynning:

Marevan

Kvar veke må du ta blodprøver (PT-INR) for å vurdere effekten av Marevan. INR-verdien din må vere 2,5–3,5 i minst tre samanhengande veker før vi kan gjennomføre elektrokonvertering. Vanlegvis følger fastlegen opp dette med prøver kvar veke i perioden før planlagt konvertering.

Pradaxa (Dabigatran), Eliquis (Apixaban),  Xarelto (Rivarkosaban) eller Lixiana (Edoxaban)

Dersom du bruker eitt av desse preparata, er det viktig at du har tatt medisinen som føreskriven kvar dag i minimum tre veker før konverteringa. Dersom du har gløymt éin eller fleire tablettar, må du gi beskjed om dette. Det kan då bli nødvendig å utsette konverteringa.


Førebuingar


  • Du skal ta morgonmedisinar som vanleg med litt vatn dersom du ikkje har fått annan beskjed.
  • Du skal vere fastande i minst seks timar før elektrokonverteringa. Det vil seie at du ikkje skal ete eller drikke. Du skal heller ikkje røyke eller bruke snus, tyggegummi eller ete sukkertøy. Du kan drikke litt (nokre munnfullar) vatn til medisinar.
  • Du skal snakke  med sjukepleiar og lege før elektrokonverteringa.
  • Vi tar EKG av deg, måler blodtrykk, høgde og vekt.
  • Vi legg inn venekanyle i ei blodåre i armen, der du får væske og medisinar.
  • Barbering av brystkassen din blir gjort av sjukepleiar ved behov.
  • Dersom du bruker Marevan må du ta blodprøve (INR-prøve). Du møter då opp i 1. etasje ved laboratoriet. Blodprøven er alt rekvirert så du treng kun å trekke kølapp og ta prøven.

Under

Anestesilege, lege og sjukepleiar er til stades under elektrokonverteringa. Du får lett narkose før behandlinga.

Ved hjelp av ein hjartestartar (defibrillator) gir vi 1–3 elektriske støyt ved hjelp av elektrodar som er festa på brystkassen. Du kjenner ikkje noko ubehag av dette. 

Narkosen er kortvarig, og du vaknar raskt etterpå.

Etter

Du blir liggande til observasjon i to timar etter behandlinga, og du skal halde senga til du er heilt vaken. Du kan ete og drikke tidlegast ein time etter behandlinga.

Vi tar EKG av deg etter behandlinga. Du skal også saman med legen gå gjennom vidare bruk av medisinar samt eventuell vidare behandling.

På grunn av effekten narkosemiddel kan ha på køyreevna, skal du ikkje køyre motorisert køyretøy etter behandlinga.  



Ver merksam

Kontaktinformasjon

Informasjon om timeavtale og besøk

Har du fått innkalling til time, er blodgivar eller skal besøke nokon på sjukehuset? 

Sjå våre smitteverntiltak og gjeldande rutinar

Kart og parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, sjå kart under. 

  • Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst
  • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
  • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ ​

 

Praktisk informasjon

Barn som pårørande

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Ladestasjon for el-bil

​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

Parfyme

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Preste- og samtaletenesta

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Servicetorget

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Spisestader

Kantina​

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i 1. etasje. Velkomen!

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kios​k

I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
  • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
  • Raude dagar: 10.00 - 18.00

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

Fann du det du leita etter?