Digitalt skjema på mobil. Illustrasjonsbilde: Colourbox.com

Elektroniske spørreskjema

CheckWare

Helse Møre og Romsdal bruker skjema frå CheckWare i utgreiing, behandling og kommunikasjon med pasient og pårørande.

Pasientar og pårørande kan svare på skjema i fred og ro heime, med PC, mobil eller nettbrett. Når du har sendt inn utfylt skjema, kan den som skal gi deg vurdering og behandling bli betre informert før de møtast. Klikk på lenka lenger nede for å kome til ID-porten og pålogging med Bank-ID. For pasient som ikkje brukar Bank-ID er det andre løysingar, du kan spørje behandlaren din om det.

Spørreskjema skal ikkje brukast til akutt hjelp. Då må du ringe 113.

Logg deg ut av CheckWare etter bruk. Du blir automatisk logga ut etter 30 minutt, om du tar lang pause. Av omsyn til ditt personvern rår vi deg frå å bruke offentleg PC, som i bibliotek, for å logge deg inn og svare på skjema i CheckWare.

Om du får problem med innlogginga, ta kontakt med avdelinga som skal gi deg behandling.

Pålogging for pasientar, pårørande og andre som skal svare på skjema

Fann du det du leita etter?