Ved nevrologisk avdeling i Molde tilbyr vi oppfølging med regelmessige kontrollar på poliklinikken for alle som har epilepsi. Vanlegvis har vi tilbode slike kontrollar ca ein gang i året. For nokon blir det for sjeldan, for mange opplevast mange slike kontrollar unødvendige fordi alt er i orden.
Nevrologisk avdeling i Molde tilbyr derfor no digital brukarstyrt oppfølging av epilepsi som eit alternativ til ordinær poliklinisk oppfølging. Dette gir deg som pasient moglegheit til å vere med på å styre når og korleis oppfølging av epilepsien din skal skje. Oppfølginga blir tettare og til rett tid, men du treng nødvendigvis ikkje å møte opp til poliklinisk time kvar gang.