Før heimreise har sjukepleiar samtaler med foreldre der vi avklarar familien sitt behov for å føle tryggleik ved digital heimeoppfølging. Før overføring til heimesjukehus må barnet være klinisk stabilt. Ansvarleg barnelege skal godkjenne barnet for tidleg heimreise.
Pasientsikkerheit er i fokus og foreldra får eventuelt opplæring i sondenedlegging og trygg håndtering av denne. Det blir gitt teoretisk og praktisk gjennomgang. Opplæring i bruk av digitale kommunikasjonsverktøy blir gitt og testa før heimreise. Foreldra får låne nødvendig utstyr som vekt gratis, og evntuelt henta ut forbruksartiklar til sondemåltida frå apotek.
Tilbodet er frivillig og familien har rett til retur viss foreldra ønsker det, eller etter vurdering av lege. Det må vere en omsorgsperson i heimen, og pleiepengar under oppholdet i heimesjukehus kan være aktuelt.
Kva inneber det for foreldre å reise heim med digital heimeoppfølging?
Foreldra må ønske tidleg heimreise og føle seg trygg på eigen meistring i oppfølging av barnet. Foreldre til små barn kan oppleve uvisse om helsetilstanden til barnet og kva som er faresignal og korleis dei kan handtere dette heime. Digital heimeoppfølging vil gi foreldra ei moglegheit til å bidra i behandlingsplanen til barnet og fremme eigen meistring. Opplæring av foreldre skjer før utreise og oppfølging av tilstanden til barnet skjer kvar dag via digital heimeoppfølging.
Observasjonar heime
Foreldra leverer inn eit elektronisk skjema dagleg der avtalte observasjoner føres inn. Behandlar vurderar svar, og avhengig av desse kan det bli aktuelt å kontakte foreldra for ein konsultasjon.
Vi ønsker mellom anna å vite kva barnet får av ernæring og generell almenntilstand.