Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Ernæringsutfordringer hos barn - digital oppfølging ved Ålesund sjukehus

Avdelinga tilbyr digital heimeoppfølging av barn med ernæringsutfordringar som kan reise heim tidleg og framleis vere under oppfølging av sjukehuset via digital kommunikasjon.
Digital heimeoppfølging er ein del av eit innovasjonsprosjekt. Dei digitale løysingane er under utvikling og utprøving, og vil gradvis innførast saman med videokonsultasjon og egenregistreringer, for trygg og god oppfølging av barn og familiar som nyttar seg av tilbodet om heimesjukehus.

Målgruppa er barn som har langvarig sjukehusopphald med behov for vedvarande oppfølging av spesialisthelsetenesta.

Vi veit at dei yngste pasientane våre og familiane deira som har langvarige sjukehusopphald kan oppleve dette som belastande. Dette med tanke på logistikk og å vere lenge borte frå søsken og foreldre heime. Heimesjukehus brukar digital kommunikasjon for å understøtte ei trygg og tidleg overføring til heimen.

Kven passar tilbodet for?

Barn som er medisinsk stabile, men som har behov for oppfølging pga ernæringsutfordringer. Tilbodet passer også for andre barn som har behov for støtte og ekstra oppfølging.


Før

Før heimreise har sjukepleiar samtaler med foreldre der vi avklarar familien sitt behov for å føle tryggleik ved digital heimeoppfølging. Før overføring til heimesjukehus må barnet være klinisk stabilt. Ansvarleg barnelege skal godkjenne barnet for tidleg heimreise.

Pasientsikkerheit er i fokus og foreldra får eventuelt opplæring i sondenedlegging og trygg håndtering av denne. Det blir gitt teoretisk og praktisk gjennomgang. Opplæring i bruk av digitale kommunikasjonsverktøy blir gitt og testa før heimreise.  Foreldra får låne nødvendig utstyr som vekt gratis, og evntuelt henta ut forbruksartiklar til sondemåltida frå apotek.  
 
Tilbodet er frivillig og familien har rett til retur viss foreldra ønsker det, eller etter vurdering av lege. Det må vere en omsorgsperson i heimen, og pleiepengar under oppholdet i heimesjukehus kan være aktuelt.

Kva inneber det for foreldre å reise heim med digital heimeoppfølging?

Foreldra må ønske tidleg heimreise og føle seg trygg på eigen meistring i oppfølging av barnet. Foreldre til små barn kan oppleve uvisse om helsetilstanden til barnet og kva som er faresignal og korleis dei kan handtere dette heime. Digital heimeoppfølging vil gi foreldra ei moglegheit til å bidra i behandlingsplanen til barnet og fremme eigen meistring. Opplæring av foreldre skjer før utreise og oppfølging av tilstanden til barnet skjer kvar dag via digital heimeoppfølging.

Observasjonar heime

Foreldra leverer inn eit elektronisk skjema dagleg der avtalte observasjoner føres inn. Behandlar vurderar svar, og avhengig av desse kan det bli aktuelt å kontakte foreldra for ein konsultasjon.

Vi ønsker mellom anna å vite kva barnet får av ernæring og generell almenntilstand.


Under

Digital eigenregistrering ved heimesjukehus 

Vi brukar eigenregistrering i ein digital nettportal (ChekWare).  På denne måten får vi som følgjer opp barnet nyttig informasjon og kan betre følgje med på utviklinga til barnet. Det er foreldra som har ansvar for å logge seg på og registrere opplysingane.

FRAMGANGSMÅTE

  1. Du får SMS med lenke til innloggingssida når det er tid for eigenregistrering. Du kan logge inn i nettportalen frå smarttelefon, nettbrett eller PC. Innlogging skjer via ID-Porten med elektronisk ID (BankID). Rapporten blir fylt ut på ein sikker nettportal
  2. Når du får første SMS får du informasjon og ei orientering om digital eigenregistrering. Ved neste SMS blir du lenka direkte til innlogging og registrering.
  3. Du får ein ny sms dagleg klokka 18. Her registrerer du avtalte målingar frå siste døgn, frå klokka 18:00 til 17:59. Nettovekt på små barn skal takast før måltid og utan klede.
  4. Sjukepleiar og lege går gjennom svara dine dagen etterpå, og ut frå desse blir vidare anbefalingar vurdert.

De kan under heile perioden ringe avdelinga viss de har spørsmål.





Etter

Ved avslutning av digital heimeoppfølging får du utskrivningssamtale med sjukepleiar for eventuell vidare oppfølging. Familiane leverer inn lånt utstyr og får tilsendt ei lenke der vi spør om evalering i ei spørjeundersøking. Spørjeskjemaet handlar om opplevingane til foreldra ved bruk av digital heimeoppfølging.

Innovasjon - kvalitetsutvikling

Familiar til barn med ernæringsutfordringar som ønsker å bruke digital heimeoppfølging, blir bedt om å samtykke til bruk av informasjonen frå digital heimeoppfølging til kvalitetsutvikling. Dette for at vi skal kunne evaluere og vidareutvikle behandlingstilbodet innan digital heimeoppfølging for barn.

Alle data blir anonymiserte etter avslutta prosjekt og kan ikkje identifiserast. Erfaringane vil òg nyttast til å vidareutvikle moglegheiter for å utvikle tilbodet.

Følgjande forskingsspørsmål blir undersøkte:

  • Tryggleik under bruk av heimesjukehus
  • Ernæringsutvikling
  • Brukargrensesnitt
  • Liggetid under heimesjukehus



Kontakt

Ålesund sjukehus Sengepost barn og ungdom Ålesund

Kontakt Sengepost barn og ungdom Ålesund

Oppmøtestad

Sengeposten finn du ved barneavdelinga, eit eige bygg like ved hovudinngangen til Ålesund sjukehus.
Blomar i forgrunn av Ålesund sjukehus

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Transport

Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, sjå kart under. 

  • Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst
  • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
  • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ ​

Endra parkeringsområde og stengd inngang nord (poliklinikkinngangen) 

20. november 2023 stengde vi Inngang nord (poliklinikkinngangen) og la om parkeringsområda ved Ålesund sjukehus i samband med ombygging. Under får du oversikt over dei nye parkeringsområda og korleis du lettast kjem til hovudinngangen.  

Kart
Stengd inngang er markert med raudt kryss. 

Markerte område på bildet

  • Grøn markering: Parkering for pasientar/besøkande
  • Gul markering: HC-parkering
  • Raud markering: Parkering for blodgivarar
  • Blå markering: Parkering for besøkande med spesialbevis
  1. Hovudinngang
    Merk av- og påstiging "kyss og køyr sone" utanfor barne- og ungdomsavdelinga
  2. Administrasjonsbygget
  3. Akuttmottaket
  4. Alderspsykiatrisk døgn
  5. Alderspsykiatrisk poliklinikk
  6. Apotek
  7. Audiopedagogen
  8. Barne- og ungdomsavdelinga
  9. BUP
  10. Dagkirurgi Aust
  11. Habiliteringsbygget
  12. Kreftavdelinga
  13. Psykisk helsevern døgn
  14. Psykisk helsevern poliklinikk
  15. UPA
  16. Åse hotell
  17. Åsebøen 1
  18. Åsebøen 5

Besøkande ved habiliteringsbygget, pårørande til barn ved audiopedagogen og barne- og ungdomsavdelinga kan få spesialbevis ved å ta kontakt med avdelingane.  

 

​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Praktisk informasjon

Foreldre/føresette kan vere med barnet på sjukehuset. Éin kan overnatte. Søsken og andre i familien kan kome i spesielle tilfelle. Dette kan du avtale med sjukepleiar eller lege på sengeposten.  
 

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Kantina​

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i 1. etasje. Velkomen!

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kios​k

I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
  • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
  • Raude dagar: 10.00 - 18.00

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.