Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Fedme hos vaksne

For å vurdere om fedmen din er så helseskadeleg at han må behandlast ved sjukehus, må du og fastlegen saman sjå på BMI, midjemål og andre risikofaktorar. Den primære behandlinga av sjukleg overvekt er åtferdsbehandling med fokus på endring av livsstil. Pasientar som har prøvd alt anna utan å lykkast kan etter grundig utgreiing tilvisast til fedmeoperasjon.

Auka risiko for helseproblem

Sjukleg overvekt er knytt til auka risiko for andre helseproblem som redusert livskvalitet, tilleggssjukdommar og tidleg død. Døme på tilleggssjukdommar er diabetes type 2, høgt blodtrykk, hjarte-karsjukdommar, pustestopp under søvn (søvnapné), slitasjeforandringar i vektberande ledd og nedsett fruktbarheit hos kvinner. Vekttap vil betre desse helseproblema eller fjerne dei heilt.

Fedmeoperasjon blir vurdert som siste utveg ved sjukleg overvekt. Det er viktig å vere klar over at operasjon sjeldan er tilstrekkeleg for å oppnå eit varig vekttap. Det viktigaste er endringar i kosthald og fysisk aktivitet.

Tilvising og vurdering

Tilvising frå fastlege blir vurdert etter nasjonale retningslinjer. Dei nasjonale kriteria for vurdering med tanke på fedmeoperasjon er BMI 40 eller meir, eller BMI 35–39 med fedmerelatert tilleggssjukdom. Eksempel på slike tilleggssjukdommar kan vere nattleg pustestans (søvnapné), høgt blodtrykk og diabetes type 2.

Kirurgisk behandling kan vurderast om ein ikkje kjem til mål med konservative tiltak, og følgande kriterium er oppfylte:

BMI ≥ 40

eller

BMI 35 – 39 med fedmerelaterte sjukdommar:

  • diabetes type 2
  • hjarte-/karsjukdom
  • hypertensjon
  • PCOS
  • søvnapné
  • artrose i vektberande ledd

Informasjon om BMI (KMI) på helsenorge.no

I samsvar med nasjonale retningslinjer blir kirurgi tilbode til pasientar over 18 år.

Eksklusjonskriterium for kirurgi er alvorlege spiseforstyrringar (anoreksi/bulimi), alkohol- og stoffmisbruk (skal ha vore rusfri i minst to år før kirurgi) og alvorleg psykisk sjukdom.

Følgande opplysningar bør inkluderast i tilvisinga

  • Høgde, vekt og BMI (obligatorisk)
  • Tidlegare sjukdommar, andre kroniske sjukdommar, også psykiske, inkluderte spiseforstyrringar
  • Medikamentanamnese
  • Oppstart og utvikling av overvektproblema: Tidlegare forsøk på vektreduksjon. Korleis påverkar fedmen funksjonsstatusen, sosiale situasjonen og psykiske helsa til pasienten? Kartlegging av eventuelle komplikasjonar til fedmen.
  • Naturlege funksjonar: Søvnmønster, og dessutan symptom på søvnapné (snorking, pustestopp). Vekt under og etter graviditet.
  • Stimulantia: Røyk, snus, alkohol og andre rusmiddel.
  • Forventningane og motivasjonen til pasienten: Kva ønsker pasienten å oppnå? I kva grad er pasienten motivert for behandling og oppfølging?

Utgreiing

Ved første konsultasjon kartlegg vi sjukehistoria di, vekthistorie og vektrelaterte følgesjukdommar med tanke på moglege årsaker og komplikasjonar til overvekta. Legen gjer så ei klinisk undersøking. I tillegg blir det tatt ulike prøver, som for eksempel blodprøve.

Dei fleste vil så følgast opp av sjukepleiar, ernæringsfysiolog, fysioterapeut, psykolog eller idrettspedagog. Her er formålet å kartlegge kva du et, den fysiske aktiviteten din og å gi råd om dette. Vi ønsker å bruke god tid på å gi deg grundig informasjon om fordelar, ulemper og biverknader av kirurgiske og ikkje-kirurgiske behandlingsmetodar. Denne informasjonen kan du få enten i individuelle konsultasjonar eller i gruppemøte. Deretter legg vi opp ditt vidare sprang saman med deg, der vi finn den behandlingsmetoden som passar deg best (samval).

Pasientar med psykiske plager som kan ha noko å seie for behandlinga vil bli tilviste til psykolog.

Behandling

Samval

Når du har blitt sjuk eller har eit helseproblem, er det ofte fleire ulike moglegheiter for både undersøkingar og behandling. Her finn du ​verktøy som kan hjelpe deg til å ta valet.

Livsstilsendring

Sjukleg overvekt blir behandla med livsstilsbehandling (åtferdsbehandling) med eller utan medisinar eller fedmeoperasjon.

I behandlinga fokuserer vi på korleis du kan endre livsstilen din. Målet med behandlinga er varig betring av levevanar, vektreduksjon, vektstabilisering og betring av følgesjukdommar. Behandlinga kan bestå av gruppe- og individuell undervisning og inkluderer element av kognitiv åtferdsterapi og motiverande samtaleteknikkar.

Vektreduserande medisinar

I tillegg til endra kostvanar og/eller auka fysisk aktivitet kan du få medisinar som kan bidra til vektreduksjon.

Per august 2024 finst fire ulike vektreduserande medisinar. Det er ikkje anbefalt å kombinere nokon av desse medisinane. Kva medisin du eventuelt kan bruke, vil vere avhengig av om du har andre sjukdommar. Det er derfor viktig at du og legen saman kjem fram til kva som er trygt for deg å bruke.

Vekttapet stoppar vanlegvis etter 6–12 månader. Medisinen hjelper deg deretter å halde oppe vekta på eit stabilt nivå.

Les meir om vektreduserande medisinar på helsenorge.no

Fedmeoperasjon

Fedmeopreasjon kan vurderast om ein ikkje kjem i mål med konservative og eventuelle medikamentelle tiltak, og dersom kriteria for «sjukleg overvekt» er oppfylte (BMI≥ 40, ≥ 35 dersom vektrelaterte følgesjukdommar). Somme pasientar med BMI ≥ 30 med type 2 diabetes kan også vurderast for operasjon.

Pasientar som blir vurderte for operasjon skal først gå gjennom undervisning med informasjon om kva operasjonen inneber og krev av pasienten sjølv. Det blir informert om:

  • Operasjonførebuande kurs.
  • Forundersøking med gastroskopi.
  • Konsultasjon hos kirurg før operasjon.
  • Konsultasjon på prepoliklinikk med anestesilege og andre fagpersonar 1–2 veker før operasjon.
  • Lågkaloridiett som må følgast dei siste tre vekene før operasjon.
  • Kvinner som er i fruktbar alder og er seksuelt aktive må ta ein graviditetstest før planlagd operasjon.
  • Oppfølgingstida med polikliniske kontrollar hos lege og gruppemøte.

Kliniske studiar

3 kliniske studiar er opne for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.

Sjå fleire kliniske studiar

Oppfølging

Etter at anbefalt behandling er gjennomført, vil du få tett oppfølging både på sjukehuset og hos fastlegen din. Behandlinga du har vore igjennom vil vere førande for kva type oppfølging, og kor ofte du skal ha oppfølging.

Plastikkirurgi

Det store vekttapet medfører ofte overskotshud som kan gi plager i form av eksem, irritasjon, infeksjon, gnagsår, smerte, redusert moglegheit for fysisk aktivitet og psykiske plager.

Plastikkirurgi blir først vurdert etter at vekta har vore stabil i minst eitt år og tidlegast to år etter fedmeoperasjonen.

Kontakt

Ålesund sjukehus Overvektspoliklinikken
Ventetid: 16 uker

Ventetid: 16 uker

Kontakt Overvektspoliklinikken

Oppmøtestad

1. etasje i høgblokka. Vis-à-vis høyrselssentralen

Blomar i forgrunn av Ålesund sjukehus

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Transport

Parkering

Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, like ved innkøyringa til sjukehuset. Sjå kart over sjukehusområdet. 

  • Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst.
  • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid.
  • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare.
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. ​
  • Besøkande med HC-kort har betalingsfritak på parkeringsplassar med HC-merking. 

Stengde inngangsparti i samband med byggearbeid

Poliklinikkinngangen er stengt

20. november 2023 stengde vi poliklinikkinngangen, (inngang nord, Åsehaugen 5a) og la om parkeringsområda ved Ålesund sjukehus i samband med ombygging. 

Inngang A til psykiatribygget er stengt

9. september 2024 stengde vi inngang A ved psykiatribygget (Åsehaugen 7a). Pasientar, pårørande og andre besøkande skal bruke inngang på austsida for å kome til psykiatribygget (punkt 13 på bildet). Tilkomst via gangsti frå hovudinngangen (Åsehaugen 5d) på sjukehuset.  

Kart
Markerte område på bildet
Grøn markering: Parkering for pasientar/besøkande
Gul markering: HC-parkering
Raud markering: Parkering for blodgivarar
Blå markering: Parkering for besøkande med spesialbevis

Avdelingar og inngangar på sjukehusområdet

Hovudinngang Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5D
Administrasjonsbygget
Åsehaugen 1
Akuttmottak
Åsehaugen 5C
Alderspsykiatrisk døgn
Åsehaugen 7C
Alderspsykiatrisk poliklinikk
Åsehaugen 7B
Apotek
Åsehaugen 5A
Audiopedagogen
Åsehaugen 9
Dagkirurgi aust
Åsehaugen
Barne- og ungdomsavdelinga
Åsehaugen 11
Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP)
Geilebergvegen 20
Døgnseksjonen psykisk helsevern for barn og ungdom
Geilebergvegen 16
Habiliteringsbygget
Åsehaugen 3
Kreftavdelinga
Åsehaugen 17
Psykiatribygget
Åsehaugen 7A
Inngangen er midlertidig stengt i samband med byggearbeid. Bruk inngang på austsida av bygget. Tilkomst via gangsti ved hovudinngangen til Ålesund sjukehus.
Vaksenpsykiatrisk poliklinikk
Geilebergvegen 20
Åse hotell
Åsehaugen 7
Åsebøen 1
Åsebøen 5

​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Ventetid

16 uker til utredning

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Kantina​

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i 1. etasje. Velkomen!

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kios​k

I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
  • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
  • Raude dagar: 10.00 - 18.00

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.