Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Fedmeoperasjon – sleeve-gastrektomi

Personar med sjukeleg overvekt som ønsker å gå ned i vekt, men som ikkje har lykkast etter gjentatte forsøk, kan ha nytte av fedmeoperasjon. Hovudårsaka til at ein fedmeoperasjon gir vektreduksjon er at ein blir raskare mett og mindre svolten, ikkje at ein har kopla ut delar av tarmen. Sleeve-gastrektomi er ein type fedmeoperasjon der omtrent 80 prosent av magesekken blir fjerna. Dette gir magesekken mykje mindre volum, og du får derfor følelsen av å vere mett raskare.

Varig vektreduksjon krev varig endring i åtferd. Menneske er forskjellige, men for dei fleste inneber endringane en kombinasjon av kaloriredusert kost, auka fysisk aktivitet og mindre stillesitting. Det finst forskjellige metodar som kan bidra til slik åtferdsendring, både kirurgiske og ikkje-kirurgiske. 
 
Sleeve-gastrektomi skil seg frå gastrisk bypass ved at tarmane ikkje blir kopla om. I praksis betyr dette at risikoen for manglar på vitamin og mineral er noko lågare. Sidan ein del av magesekken blir fjerna, kan ein ikkje reversere inngrepet.

Før

Det er viktig å vere godt førebudd før ein fedmeoperasjon. Sjukehuset tilbyr både individuell og gruppebasert rettleiing. 

Alle som skal bli fedmeoperert, vil bli kalla inn til ein eller fleire av behandlarane i vårt tverrfaglege team (lege, fysioterapeut, sjukepleiar, klinisk ernæringsfysiolog, psykolog) både før og etter operasjonen. 

Du vil bli kalla inn til ei samtale hos lege før operasjonen (sleeve-gastrektomi eller gastrisk bypass). Det er viktig at du tar med skriftleg liste over alle medisinar,  kosttilskot og naturmiddel du bruker, inkludert nøyaktige namn, styrke og doseringar. Liste over dei reseptpliktige medisinane dine finn du på helsenorge.no eller hos fastlegen. Enkelte pasientar må også gjennomgå ekstra undersøkingar som gastroskopi, røntgen eller hjarte- og lungeundersøking. 

Kvinner som er i fertil alder og er seksuelt aktive, må ta ein graviditetstest før planlagt operasjon. Dersom ein er gravid, må operasjonen bli utsett. 

Dei fleste som skal bli operert, må gå på ein lågkaloridiett (800–1200 kaloriar per dag) dei siste tre vekene før operasjonen. Dette vil gjere det lettare å gjennomføre operasjonen med kikkholskirurgi. Både mengda feitt inne i buken og størrelsen på levra vil bli redusert i løpet av ei lågkaloribehandling. 

Du bør bruke tida før operasjonen til å jobbe med etemønsteret ditt og matvareval. 
Her er nokre av de utfordringane det er lurt å ta tak i: 
  • Unngå småeting. Et til faste tider og bruk tid på måltidene. Nyt maten!  
  • Et mat med mykje protein: reint kjøtt, fugl eller fisk, egg, belgfrukter (erter, bønner, linser) eller magre mjølkeprodukt.  
  • Prøv å unngå å ete fordi du er lei deg, sint, deprimert eller kjedar deg.  
  • Følg ein lågkaloridiett tre veker før operasjonen. 

Regelmessig fysisk aktivitet er viktig for å sikre eit varig vekttap, og det er aldri for seint å begynne. Vi anbefaler minimum ein og ein halv time med fysisk aktivitet per veke med moderat intensitet. Det betyr at du skal bli lett andpusten. Ved høg intensitet kan du halvere den anbefalte tida.  

For å få eit vellykka resultat etter fedmeoperasjon er det heilt nødvendig at du forandrar etemønster og livsstil. Mentale og kroppslege forandringar må til, derfor er det viktig å førebu seg godt. Etemønster eller eteåtferd handlar om korleis du et i løpet av dagen. 

Vi skil mellom: 

  1. kjensleregulert eting, der du et eller drikk (f.eks. sjokolade, is, kaker, snacks) for å dempe ubehagelege følelsar som indre uro, angst eller tristheit, 
  2. ukontrollert eting, der du et mat i ukontrollerte mengder eller har ein tendens til impulsstyrt eting 
  3. eteavgrensing, der du i større eller mindre grad prøver å avgrense inntaket av mat 

Ein fedmeoperasjon kan gjere det lettare å endre desse etemønstera, men det er viktig at du alt før operasjonen er bevisst på kva etemønster som har prega deg, og som har ført til vektauken. 

I god tid før operasjonen kan du gradvis øve deg på å betre etemønsteret ditt slik at overgangen til tida etter operasjonen ikkje blir for vanskeleg. 

Enkelte som regulerer vanskelege følelsar med mat før operasjonen, opplever ein slags sorg over ikkje å kunne trøyste seg med sukker- og feittholdig mat i etterkant. Nokre treng derfor tett oppfølging både før og etter operasjonen for å lære seg andre måtar å handtere vanskelege følelsar på. 

  • Planlegg korleis du skal gjennomføre forandringane 
  • Et regelmessig og langsamt, tygg maten godt og øv på små porsjonsstørrelsar  
  • Auk aktivitetsnivået ditt for å komme i betre form  
  • Unngå vektauke mens du ventar på operasjonen  
  • Slutt å røyke 

I gjennomsnitt blir vekta redusert med 30 prosent etter gastrisk sleeve, men det er store individuelle forskjellar. Nokre går ned meir, andre mindre. Vekta vil i gjennomsnitt bli redusert 1–2 kg per veke det første halvåret. Etter 1–2 år etter operasjonen vil vekta stabilisere seg. 

Du kan ete fram til kl. 20.00 og drikke fram til kl. 24.00 kvelden før operasjonen. 


Under

Inngrepet blir gjort som kikkholskirurgi. Dette betyr at du får nokre få, små snitt i bukveggen, der vi fører inn operasjonsinstrument og kamera. Operasjonen tar normalt ein til to timar. 
 
Under operasjonen fjernar vi om lag 80 prosent av magesekken, slik at den får meir form av eit røyr («sleeve» = eit erme). Magesekken som er igjen, blir stifta saman med avanserte kirurgiske instrument, og huda blir lukka med stiftar. 
 
Sleeve-gastrektom

Illustrasjon: Kari C. Toverud

 

Etter

Etter inngrepet blir du lagt på ei oppvakningsavdeling. Her overvaker vi kroppsfunksjonane dine ei stund før du får komme tilbake til sengeposten. 

Behovet for overvaking, smertelindring og antal dagar på sjukehuset avheng av om du er operert laparoskopisk (kikkhol) eller med open kirurgi. Normalt er du innlagt ein til tre dagar etter ein laparoskopisk operasjon og tre til fem dagar etter open operasjon. 

Du vil kunne drikke same dag som du er operert. Likevel er det viktig at du i starten tar det forsiktig, med berre små slurkar av væske av gongen og ventar ei stund før du drikk meir. Dersom du får smerte eller anna ubehag, skal du vente med å drikke meir. Dersom du får ubehag eller ikkje klarer å drikke nok, får du intravenøs væske. Dagen etter operasjonen kan du drikke så mykje du vil. 

Det er viktig å komme raskt i gang med å bevege seg etter operasjonen for å minske risikoen for blodpropp og lungekomplikasjonar.  

Alt dagen etter operasjonen kan og bør du komme ut av senga. Du kan etter kvart sitte oppe og gå i korridorane. 

Heimreisa frå sjukehuset bør du ha planlagt på førehand. Du kan ikkje køyre bil sjølv, og det er ein fordel om du blir henta. Sjukehuset kan eventuelt hjelpe deg med å ordne transport. 

Les meir om rettigheiter ved pasientreiser på helsenorge.no 

Dei fleste blir sjukemeldt ein periode etter fedmeoperasjon. 

Du må øve på det nye etemønsteret ditt før du går tilbake til arbeid, skule eller studium, så du er godt førebudd på å handtere det nye livet ditt. I den første perioden, når vekttapet er størst, vil mange pasientar oppleve at dei har lite overskot og blir fort slitne. Vi oppfordrar deg til å vere fysisk aktiv alt kort tid etter operasjonen. 

Oppfølging etter operasjonen skjer i samarbeid mellom sjukehuset og fastlegen. Dei første åra blir du kalla inn til fleire kontrollar ved sjukehuset. Du vil bli bedt om å ta blodprøver før eller når du møter til timen. Avhengig av resultata vil det kunne bli gjort endringar av medisinar og tilskot av vitamin og mineral. Fastlegen blir orientert om resultata frå desse. 

Det store vekttapet fører ofte til overskotshud som kan gi plager i form av eksem, irritasjon, infeksjon, gnagsår, smerte, redusert moglegheit for fysisk aktivitet og psykiske plager. 

Først etter at vekta di har vore stabil i minst eitt år og tidlegast to år etter fedmeoperasjonen, vurderer vi plastikkirurgi. Behovet ditt for plastikkirurgi bør bli vurdert av lege med erfaring innan feltet, og etter ei grundig medisinsk vurdering blir den endelege avgjerda tatt av kirurgen. 

Vektreduksjon aukar fruktbarheita, og mange blir overraska over å bli gravid alt etter å ha gått ned nokre få kilo. Vi fråråder kvinner å bli gravide dei første 18 månadene etter operasjonen fordi næringstilførselen til fosteret kan bli utilstrekkeleg. Vi anbefaler derfor sikker og trygg prevensjon i form av hormonspiral i denne perioden. Hormonspiralen bør vere på plass alt før oppstart av lågkaloridietten tre veker før operasjonen og bør vere i minst 18 månader etter operasjonen. 

Dei som blir gravide etter overvektskirurgi, må bli følgt nøye opp for å kontrollere vektauke, fosterets helse og førebygge komplikasjonar og manglar av viktige næringsstoff. Det bør bli tatt regelmessige blodprøver (kvar tredje månad) av jern, folat, vitamin B12, kalsium og vitamin D. 

Alvorlege komplikasjonar som bløding, infeksjon, skade på tarm, lekkasje frå tarm til bukhole, tarmslyng, blodpropp eller akutt hjarte- og karsjukdom og lungesjukdom hender hos inntil fem prosent av dei som blir operert for overvekt. Magesår kan oppstå i restmagesekken etter sleeve-gastrektomi. Du må derfor ta medisinar som førebygger magesår, dei første fire vekene etter operasjonen. 

For å førebygge kvalme, oppkast, gulping, luftsmerter, sure oppstøyt, forstopping og diaré anbefaler vi hyppige og små protein- og fiberrike måltid. Det er også viktig å tygge maten godt, ete langsamt og drikke rikeleg mellom måltida. Ofte toler du gjærbakst, pasta, ris, heile kjøttbitar, samt skal og hinner i frukt og grønsaker dårleg den første tida etter operasjonen. 

Dei vanlegaste plagene etter operasjonen er kvalme, oppkast, gulping, luftsmerter, sure oppstøyt, forstopping og diaré. Nokre av desse plagene oppstår først og fremst dersom du har ete for mykje eller for fort, og kan bli opplevd som at maten «stoppar opp». Kalsiumtablettar og jerntablettar kan også gi biverknader og plager frå mage og tarm. 

Det er normalt ikkje å ha avføring dagleg etter ein overvektsoperasjon fordi du et mindre og får i deg lite fiber. Avføring sjeldnare enn kvar tredje dag blir rekna som forstopping. 

Du kan førebygge forstopping ved å drikke rikeleg med vatn og vere i aktivitet. I tillegg kan du: 

  • Drikke Biola eller sviskesaft  
  • Ete svisker som har lege i vatn over natta  
  • Legge 1 spiseskei knuste linfrø i 0,5 glas vatn over natta. Et alt saman, gjerne med Biola til  
  • Ta laktulose (15–30 ml dagleg) i 2–4 dagar inntil avføring er normal 

Det er mange moglege årsaker til at diaré kan førekomme. Det kan blant anna komme av intoleranse for mjølkesukker (laktose), feittintoleranse eller at ein ikkje toler sukker, kunstige søtstoff eller fiber like godt som før. 
Får du diaré, bør du ikkje drikke søt mjølk eller ete mat som er laga av søt mjølk, for eksempel graut, brunost og prim. Ver også ekstra varsam med feitt i kosten. 

Andre typiske plager etter fedmeoperasjon er at du frys meir og mistar hår. Dette skjer fordi du går raskt ned i vekt. Kroppen reagerer med å spare energi på «mindre viktige» funksjonar i kroppen. Plagene kjem oftast i fasen med stor vektreduksjon og normaliserer seg som regel når vekta blir stabilisert. 

Stor vektreduksjon aukar risikoen for gallestein. 

Psykiske plager og livskvalitet blir ofte betre etter fedmeoperasjon, men enkelte kan utvikle eller få tilbakefall av tidlegare plager eller sjukdommar. Pasientar med alvorleg psykisk sjukdom treng tett oppfølging frå både sjukehus og fastlege. 

Ved gastrisk sleeve blir det fjerna ein stor del av magesekken, men tarmen blir ikkje kutta som ved gastrisk bypass. Risikoen for indre brokk (tarmslyng), vitamin- og mineralmangel, dumping og lågt blodsukker etter måltid er derfor lågare etter denne operasjonsmåten enn etter gastrisk bypass. Risikoen for sure oppstøyt og halsbrann er derimot høgare etter gastrisk sleeve. 

Dumping, også kalla «tidleg dumping», kjem blant anna av at drikke og matvarer med mykje sukker trekker væske inn i tynntarmen. Dette fører til symptom som magesmerter, kvalme, oppkast, diaré, slappheit, hjartebank, kaldsveitting og svimmelheit. Desse symptoma oppstår som regel innan ein halvtime etter måltidet. 

Ein kan førebygge dumping ved at ein unngår raske karbohydrat (mat og drikke med mykje sukker i og mat laga av kvitt mjøl), og ved at du et hyppige og små protein- og fiberrike måltid. Det kan også vere lurt å skilje mat og drikke, for eksempel ved å unngå drikke i perioden frå ein halv time før til ein halv time etter måltidet. Dumpingplager forsvinn med tida. 

Lågt blodsukker, også kalla «sein dumping», kjem truleg av at bukspyttkjertelen skil ut for mykje insulin etter eit måltid. Lågt blodsukker kan oppstå ein til tre timar etter matinntak, og symptoma kan minne om dumping. 

Ein kan førebygge lågt blodsukker ved at ein et relativt små, hyppige og fiberrike måltid og ved å unngå raskt absorberberre karbohydrat (sukker og kvitt mel). Nokre kan få store plager med lågt blodsukker og annan type behandling kan bli nødvendig. 

Oppblåst mage, rumling og auka luftavgang er vanleg etter fedmeoperasjon. Ein av forklaringane på dette er at det nye etemønsteret gjer at mange svelger meir luft enn dei gjorde før operasjonen. Andre forklaringar på luftplager kan vere at noko av maten du et, ikkje blir ordentleg brote ned i mage og tynntarm. Nokre opplever også at dei ikkje toler mjølkesukker (laktose) som før, og dette kan også føre til luftplager. 

Du kan unngå luftplager ved å ete og drikke langsamt, tygge maten godt, unngå drikke med kolsyre, tyggegummi og harde drops. 

Biola, Cultura og yoghurt toler ein ofte betre enn vanleg mjølk, men prøv deg fram. Ein kan også hindre og lindre luftplager ved å ete mindre av det som gir ein plager, midlertidig redusere fiberrik mat, ete langsamt og vere fysisk aktiv. 

For å førebygge magesår skal alle ta ein medisin som hemmar syreproduksjonen i restmagesekken i fire veker etter inngrepet. 

Dei fleste pasientane med diabetes type 2 kan redusere dosen eller slutte med blodsukkersenkande medisinar (tablettar eller insulin). Det er viktig med hyppige eigenmålingar av blodsukkeret og tett oppfølging dei første vekene etter operasjonen. 

Mange pasientar med høgt blodtrykk kan etter operasjonen redusere eller slutte med blodtrykksmedisin, men ein god del må framleis ha behandling. Det er derfor viktig med regelmessig blodtrykkskontroll hos fastlegen etter operasjonen og eventuelle dosejusteringar av medisinar ved behov. 

Pasientar med sjukeleg overvekt har ofte for låge vitaminnivå i blodet alt før fedmeoperasjonen. 

Alle fedmeopererte kan utvikle mangel på viktige vitamin og mineral. For å førebygge manglar skal du ta følgande tilskot som alle kan variere i dose avhengig av blodprøvesvar. 
  • Multivitamin (komplett vitamin- og mineraltilskot med jern og K-vitamin, f.eks. Nycoplus Multi) 2 tablettar dagleg det første året etter operasjon, deretter 1–2 tablettar dagleg. 
  • Vitamin B12 i sprøyte, første gong ein månad etter operasjon, deretter 1 mg kvar tredje månad, eller vitamin B12 i tablettform 1 mg dagleg. 
  • Vitamin D- og kalsiumtilskot (0,5 g kalsium og 10 μg vitamin D3) 1 tablett 2 gonger dagleg eller 2 tablettar 1 gong dagleg.  
  • Jern, 100 mg til kvinner som har menstruasjon 1 tablett 1 gong dagleg. Menn og kvinner utan menstruasjon, 45–60 mg jern dagleg. 

Tilskot av kalsium og jern bør ikkje bli tatt samtidig, fordi kalsium hemmar opptaket av jern i tarmen. Det bør gå minst to timar mellom inntak av kalsium- og jerntilskot. I løpet av første veke etter operasjonen er dei fleste i stand til å ta tilskota. 

Vitamin B12 blir dekt på blå resept (§ 2), mens legen vil hjelpe deg med å søke Helfo om individuell stønad etter blåreseptforskriften (§ 3) til vitamin D-, kalsium- og jerntilskot. Utgifter til multivitamintablettar blir ikkje dekt. 


Ver merksam

Det er mange komplikasjonar som kan oppstå etter fedmekirurgi, både på kort og på lang sikt. Tidleg etter operasjonen er blødingar, blodpropp, lekkasje frå magesekken som er att, og infeksjonar det mest aktuelle. Faren for dødsfall i samanheng med komplikasjonar er berekna til under 0,1 prosent. 

Ikkje nøl med å kontakte lege dersom du føler deg sjuk eller mistenker at ikkje alt er som det skal vere etter operasjonen. 


Kontakt

Volda sjukehus Kirurgisk sengepost Volda
Ventetid: 16 uker

Ventetid: 16 uker

Kontakt Kirurgisk sengepost Volda

Oppmøtestad

Kirurgisk sengepost ligg i 3.etasje og er tilgjengelg via hovudtrappa eller via heis frå hovudvestibylen.
En stor bygning med et tre foran seg

Volda sjukehus

Kløvertunvegen 1

Transport

Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, sjå kart under. 

  • Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst
  • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
  • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ
  • Besøkande med HC-kort har betalingsfritak på parkeringsplassar med HC-merking. 
Kart

Grøn markering: Parkering for pasientar og besøkande

Oransje markering: Parkering for HC

Raud markering: Parkering for blodgivarar (ingen avgift) 

Lilla: Ladestasjon

P: Parkeringsautomatar

 

​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Ventetid

16 uker til innleggelse

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Besøkstid kl. 17.00-19.00 alle dagar. 

Ta kontakt med aktuell avdeling før besøket. ​


På barselavdelinga gjeld følgjande besøkstider​​​​​​

For partnar som ikkje er innskriven i avdelinga saman med mor er kjernetida for besøk mellom kl 10.00-20.00.

Besøkstid for søsken og besteforeldre mellom kl 17.00 og 18.00.

Vi anbefaler ro rundt mor og barn i barseltida på sjukehuset.​​

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

08.00–16.30

Kantina

Hos oss får du god heimelaga mat til gode prisar. 

Middagsservering kvar dag frå kl 12.00 - 16.00. I tillegg har vi litt kioskvarer, krigler, kaker og påsmurt brødmat. Vi har også pålegg og brødmat som du kan smøre sjølv.

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 08.00 - 16.00
  • Laurdag og søndag: kl 12.00 - 16.00

 

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.