HELSENORGE
Laparascopisk cholecystectomi / Seksjon for dagbehandling Molde

Fjerning av galleblære

Ved gallestein eller annan sjukdom i galleblæra kan det bli nødvendig å fjerne galleblæra.

Ventetider

Innleiing

Den vanlegaste metoden når vi skal fjerne galleblæra er kikholskirurgi, også kalla laparoskopisk kirurgi. Kirurgen opererar da via ein tynn slange med eit kamera på tuppen gjennom noken små snitt i magen.

Å fjerne galleblæra blir gjort enten dagkirurgisk eller ved å bli innlagd på sjukehus. 


 

Før

Det er viktig at du følgjer instruksjonane om korleis du skal kome godt førebudd til sjukehuset. Dersom du ikkje følger reglar om faste og røyking, kan du risikere at vi må utsetje operasjonen.

Du skal ikkje ete fast føde eller drikke mjølk i 6 timar før operasjonen. Du kan gjerne drikke klare væsker (vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te, kaffi utan mjølk/fløyte) inntil 2 timar før planlagt operasjon. Unngå røyk, snus, tyggegummi og sukkertøy i 2 timar før operasjonen. Ved spesielle inngrep kan det vere andre rutinar som gjeld. Dette blir du orientert om på sjukehuset før operasjonen.

Smykke, piercing, neglelakk, gelenegler og lause negler skal fjernast før innlegging. Dersom piercing er vanskeleg å fjerne, kan du risikere at den blir klipt. Betennelse/hudreaksjon rundt piercing som er nær operasjonsfeltet skal behandlast før operasjonen. Vi kan ikkje operere pasientar med smykker/piercing, då det kan føre til brannskade på både pasient og personale.

Dersom du bruker blodfortynnande medisinar må det avtalast med lege om du skal slutte med dette føre operasjonen. Om ikkje anna er avtalt møter du fastande. Med mindre legen har gitt annan beskjed skal du ta faste medisinar om morgonen på operasjonsdagen saman med 1/2 glas vatn. Ta med liste over dei faste medisinane når du kjem til sjukehuset.

På morgonen operasjonsdagen skal du også ta ein grundig dusj med hårvask. Du skal ikkje ha på krem eller sminke etter at du har dusja.

Det er vanleg å barbere området som skal opererast. Dette blir gjort på sjukehuset.

Under

Operasjonen blir rutinemessig utført med kikholsmetode (laparoskopisk teknikk). Gjennom bukveggen lagar vi fire små innstikk. Deretter fyller vi opp med gass i bukhola. Vi løyser og hentar ut galleblæra (med steinane i). Gassen blir fjerna, og dei små såra sydde igjen.

Vi utfører inngrepet i narkose. I sjeldne tilfelle er det av tekniske grunnar ikkje mogleg å gjennomføre operasjonen med kikholsmetode. Alternativet er å legge eit litt lengre snitt under ribbeinet på høgre side.

Sjølve operasjonen tar vanlegvis 1–1,5 time. 


Etter

Under og etter operasjonen får du væske intravenøst. Du får drikke og ete når du har våknar.

Du kan stå opp innan ein time, og vanlegvis kan ein reise heim etter 2–4 timar. Utifrå tilstanden din og når på dagen du vart operert vurderer kirurgen også om du må overnatte på sjukehuset.  

Før du reiser heim får du muntleg og skriftleg informasjon. Du skal ikke vera aleine når du kommer heim fram til morgonen etter operasjonen. 

Dersom stinga må fjernast skal dette gjerast sju til tolv dagar etter operasjonen hos fastelegen din. Dersom det er brukt sjølvoppløseleg tråd trenger du ikkje fjerne stinga.

Smerter 

I dei neste dagane kan du kjenne ubehag på grunn av gassen som vert sett inn i bukhola under operasjonen. Det er derfor naturleg å føle seg oppblåst i magen, kjenne smerter i skuldrene og oppleve at det er tungt å trekke pusten første tida. Plagane gir seg gradvis og vert heilt borte etter tre til fem dagar. Du får smertestillande etter behov når du er på sjukehuset. I tillegg får du med nokre smertestillande tablettar heim, i tillegg til resept.  

Sjukmelding

Det er ikkje skadeleg med aktivitet etter operasjonen. Lytt til kroppen din og auk den fysiske aktiviteten etterkvart. Unngå tunge løft i to til fire veker.  

Ein blir vanlegvis sjukmeld i ei veke etter operasjonen ved kikholskirurgi. Ved open operasjonsteknikk blir ein vanlegvis sjukmeld i to til tre veker. Dersom du treng forlenging av sjukmeldinga di kan du ta opp dette med fastlegen din. 

Kosthald og fordøyelse 

Du kan ete vanleg mat etter å ha fjerna galleblæra. Unngå store og feittrike måltid dei to første månadene. Det er ikkje unormalt å bli litt treig i magen og ha luft i tarmane. Du kan sjølv hjelpe til ved å halde deg i aktivitet, samt få i deg rikeleg med drikke og gjerne fiberrik mat.

Hygiene

Dersom du er operert med kikholskirurgi kan du dusje etter 2 dagar. Ta av bandasjen etter dusjing. Såra bør lufttørke før du set på nye sterile bandasjar. Dersom såra er tørre etter 4 dagar er det ikkje nødvendig å bruke bandasje.

Transport

Du kan ikkje køyre heim sjølv etter operasjonen. Husk at du kan ha rett på tilrettelagt transport eller å få dekt reiseutgiftene dine. Les meir om pasientreiser (helsenorge.no)

Oppfølging

Det er ingen rutinemessig kontroll hos kirurg eller hos fastlege etter operasjonen, men det blir gitt individuell oppfølging tilpassa ditt behov. Galleblæra som opererast ut blir sendt til histologisk undersøking.

 

Kontaktinformasjon

Informasjon om timeavtale og besøk

Har du fått innkalling til time, er blodgivar eller skal besøke nokon på sjukehuset? 

Sjå våre smitteverntiltak og gjeldande rutinar

Parkering

​​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet.

  • Kjøp billett på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst
  • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
  • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ ​

Praktisk informasjon

Barn som pårørande

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Besøkstid Molde sjukehus

Mandag-fredag: kl. 17.00-19.00

Laurdag-søndag: kl 16.00-18.00 

Ta kontakt med den aktuelle avdelinga før besøket. 

Har du andre spørsmål om besøkstider, kontakt den sengeposten det gjeld eller Helse Møre og Romsdal sitt sentralbord, tlf.  71 12 00 00


 

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Ladestasjon for el-bil

​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

Parfyme

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

Preste- og samtaletenesta

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Servicetorget

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

Kvardagar: 07.30–21.00

Laurdag og søndag: 10.00–19.00

Sjukehusapoteket i Molde

Spisestader

Kantina​

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i sokkeletasjen (aust). Velkomen!

Opningstider:

  • Måndag til fredag: 09.00 - 15.30
  • Laurdag og søndag: stengt

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

Fann du det du leita etter?