Kvifor ei gruppe med fleire familiar saman?
Familiar med ungdom med spiseforstyrring opplev ofte å stå åleine i ein vanskeleg situasjon. Ei spiseforstyrring er ein skremmande sjukdom, og både familie og den unge sjølv kan bli handlingslamma og redde for å gjere noko som forverrar situasjonen. Dette gjer at det er lett å mista trua på eigen kompetanse som foreldre.
Flerfamilietilbudet består først og fremst av eit program som er basert på den kunnskapen vi har om korleis spiseforstyrrelser påverkar ikkje berre ungdommane, men heile den konteksten dei lever i.
Eit anna viktig mål med fleirfamilieterapi er å støtte dykk som familie til igjen å stole på og vidareutvikle tryggheita på dykk sjølv. Når familiar kjem saman blir det mogleg å utveksle erfaringar, drøfte felles problemstillingar, diskutere handlingsalternativ og korleis ein kan forstå kva ei spiseforstyrring gjer både med enkeltpersonar og familiar. For dei fleste vil det vere ei god støtte å treffe andre familiar med liknande erfaringar, både i forhold til å kjenne igjen situasjonar, bekrefte opplevinga og støtte kvarandre og styrke kvarandre i kampen mot sjukdommen. I tillegg er sjølvsagt fagpersonane som deltar òg ein ressurs i dette arbeidet.
Oppstart
Vi inviterer først til felles informasjonsmøte måndag 7. mars 2023 kl.18.00, dette er for alle i familien. Hit kjem ein familie som sjølv har deltatt på fleirfamiliegruppe og vil dele erfaringane sine.
Tidspunkt for kommande gruppesamlingar:
Introkveld: 7. mars kl 18.00 - 20.00
1.samling: 14., 15. og 16. mars
2.samling: 29. og 30 mars
3. Samling: 26. og 27. april
4.samling: 24. og 25. mai
Alle samlingane er frå 09.00-15.30