Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Diagnose

For tidlig fødte barn (prematur)

I Noreg blir cirka fem prosent av alle barn født for tidleg, men i mange land er tala høgare. For tidleg fødde barn blir også kalla premature. Prematur betyr «før moden», det vil seie fødd før veke 37. Årsakene til for tidleg fødsel er i stor grad ukjent. Fleire risikofaktorar kan bidra til tilstanden. Dersom du har fødd for tidleg ein gong, har du ein auka risiko for å føde for tidleg i seinare svangerskap.

Prematur fødsel kan være farlig for den nyfødte, men det finnes behandlinger som kan virke forebyggende og forhindre skade hos barnet.

Et svangerskap varer vanligvis mellom 37 og 42 uker. Starter fødselen før uke 37 er fullendt, er fødselen prematur. Prematur betyr egentlig «førmoden».

En prematur fødsel starter med premature rier. Ofte vet man ikke årsaken, men riene kan noen ganger skyldes at «vannet går».

Les meir på helsenorge.no

Barn som blir født for tidleg er ikkje fullt utvikla og kan ha behov for ekstra hjelp den første tida. Grada av umodenheit, eller kor mykje for tidleg barnet er fødd, er svært avgjerande for det medisinske forløpet. Dei aller mest umodne barna kan trenge intensiv hjelp med livsviktige funksjonar (til dømes pustemaskin og næring direkte i blodet) i lang tid etter fødsel, medan barn som blir født berre nokre få veker før tida kan trenge hjelp til å halde seg varme og ta til seg næring. For tidleg fødde barn må oftare få behandling med fototerapi («lysbehandling») for gulsott enn barn fødd til termin.

Utredning

Komplikasjoner som kjem av for tidleg fødsel er hyppigast hos dei mest umodne barna. Nyfødtintensivavdelinga har rutinar for kor hyppig ulike undersøkingar skal gjerast for å oppdage slike komplikasjonar. 

Barn med risiko for netthinnesjukdom som kan ramme premature («retinopathy of prematurity»/ROP) blir undersøkt av augelege under opphaldet på nyfødd intensiv. Når denne tilstanden blir tidleg oppdaga, kan han behandlast slik at barnet får eit normalt eller tilnærma normalt syn. Det er særleg dei aller mest for tidleg fødde som har ein auka risiko for ROP.

Barn med risiko for hjernebløding eller andre typar skader i hjernen som kan ramme premature blir undersøkt med ultralyd av hjernen under opphaldet på nyfødd intensiv. Vanlegvis er dette skadar vi ikkje kan gjere så mykje med etter at dei er oppstått, men det er viktig å vite om for at foreldre og helsepersonell skal kunna lage ein god plan for vidare oppfølging.

Ekkokardiografi, eller ultralyd av hjartet, blir gjort dersom legen høyrer ein bilyd ved lytting på hjartet, eller barnet har andre symptom på at noko er gale med hjartet. Nokon svært for tidleg fødde barn har det vi kallar ein åpenstående ductus arteriosus, som må behandlast med medisin eller, i sjeldne tilfelle, med operasjon.

Tverrfaglig samarbeid mens barnet er innlagt

Nyfødtavdelinga samarbeider med mange faggrupper internt i sjukehuset og med det kommunale hjelpeapparatet, som til dømes fastlege og helsesøster.

Avdelinga har personale som er utdanna som ammerettleiarar.

Rettleiing og støtte

Foreldre/føresette kan få tilbod om samtale med psykolog/psykiater, prest eller sosionom.

Dei gir til dømes rettleiing og støtte omkring meistring av situasjonen når ein har fått eit alvorleg sjukt barn og om samspel med barnet. Dei kan og gi råd og rettleiing om rettar både for foreldra og barnet. Som døme kan nemnast rettar omkring pleiepengar. Alle foreldre som får eit for tidleg fødd barn som blir innlagt i nyføddavdeling, kan søkja om pleiepengar.

Helsesøster og fastlege

Før utreise vil det bli oppretta kontakt med helsesøster. Helsesøster og fastlege får skriftleg informasjon om barnet. For barn som har behov for fleire tenester i kommunen kan det vere aktuelt å kalle inn til samarbeidsmøte med fleire faggrupper frå kommunen, til dømes fysioterapeut og fastlege. Foreldre/føresette må gi samtykke til slik kontakt.

 

Behandling

Familie-sentrert behandling

Når eit nyfødd barn blir innlagt i nyfødtintensivavdeling, er det ein heil familie som blir påverka. Nybakte foreldre kan bli kasta ut i eit heilt ukjent tilvære som dei ikkje har fått tid til å førebu seg på. Nokre foreldre har fått barn som er svært sjuke og kanskje har livstruande tilstandar over lang tid. Vi som jobbar på ei slik avdeling ønskjer at heile familien skal kjenne seg velkommen hos oss. Vi veit at alle nyfødde barn treng å ha foreldra sine hos seg, same kor små og sjuke dei er. Det er gjennom samvær mellom foreldre og barn at grunnlaget for eit godt liv blir skapt.

Det å bli kjent med eit svært for tidleg fødd barn som er kopla til overvakingsutstyr og ulikt type utstyr kan vere svært utfordrande, og foreldre treng tid og støtte for å venna seg til ein slik situasjon. Foreldre er velkomne på avdelinga heile døgnet, og me ønskjer at dei er til stades og gradvis overtek ein større del av omsorg og stell for barnet sitt. Personalet har alltid det medisinske ansvaret for barnet. Foreldre skal ta del i alle viktige avgjerder som gjeld barna deira.

Barn som fødast før veke 35 

Barn som fødast før veke 35 blir vanlegvis innlagde i nyfødtintensivavdeling i staden for å ligge på ei vanleg barselavdeling. Dei må ha hyppige måltid (nokre gonger via ein sonde frå nasen/munnen ned i magesekken) og nokon treng hjelp av ein varmemadrass til å halde seg varm.

Barn fødd i veke 32-34

Barn fødd i veke 32-34 kan vanlegvis leggjast på mors bryst rett etter fødselen med noko ekstra overvaking. Desse barna greier ikkje å ete all maten sjølv, og må få morsmjølk gjennom ein sonde ned i magesekken. Dei treng vanlegvis ein periode med medisin for å førebyggja pustestopp. Nokon treng også pustestøtte med pustemaskin eller ekstra oksygen via eit nasekateter.

Barn fødd i veke 28-31

Barn fødd i veke 28-31 vil ofte trenge pustestøtte, og alle treng sonde for å få morsmjølk. Mange vil også trenge næring via eit tynt kateter i ei blodåre/vene den første tida.

Barn fødd før veke 28

Barn fødde før veke 28 blir kalla «ekstremt premature» og vil nesten alltid trenge pustestøtte i form av pustemaskin. Dei treng også intravenøs ernæring som blir gitt via eit tynt kateter i ei blodåre/vene. Dei mest umodne barna kan ha ein lang periode med intensivbehandling, og dette skal skje på ei avdeling med spesialkompetanse på behandling av ekstremt premature. 

Kontakt

Ålesund sjukehus Nyfødt intensiv

Kontakt Nyfødt intensiv

Oppmøtestad

Nyfødt intensiv finn du ved barneavdelinga, eit eige bygg like ved hovudinngangen til Ålesund sjukehus.

Blomar i forgrunn av Ålesund sjukehus

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Praktisk informasjon

Foreldre/føresette kan vere med barnet på sjukehuset. Éin kan overnatte. Søsken og andre i familien kan kome i spesielle tilfelle. Dette kan du avtale med sjukepleiar eller lege på sengeposten.  
 

​Sjukehuset dekker kostutgifter til mor og dei fedrene/partnarar som har krav på pleiepenger

​Mobiltelefonen skal vere på «lydlaus» og det er viktig å desinfisere telefonen før den blir tatt inn på pasientrommet. Hugs at barnet treng merksemda di. Av omsyn til barna i avdelinga ønsker vi minimal bruk av mobiltelefonar.

​Ein forelder har krav på å få dekt overnatting så lenge barnet er innlagt på sjukehuset. I utgangspunktet gjeld dette overnatting på pasienthotellet. Så lenge far/partner har rett på pleiepengar blir det søkt å dekke overnatting til begge. 

Når barnet er stabilt nok til familierom, og det er ledig kapasitet, overnattar de her saman med barnet.


​Alt personale ved avdelinga har teieplikt. Vi svarer difor ikkje på spørsmål om barna frå familie eller vennar utan samtykke frå familien. Under legevisitten har vi hovudtelefonar de kan ha på når det er visitt hos dei andre barna på rommet.

Artiklar