Dei fleste som har fått ei hjerneskade på grunn av ulykke, hjerneslag eller liknande, opplev nedsett funksjon. Kva område som er ramma og kor stor skaden er, avgjer når det er aktuelt å vurdere om du fyller helsekrava for å ha førarkort.
Medisinske forhold
Medisinsk forhold som er viktige å kontrollere: synsvanskar, epilepsi, ulike medisinar ein brukar eller motoriske vanskar.
Kognitive vanskar kan også verke inn på evna til å køyre bil, for eksempel: redusert merksemd, vanskar med å gjere fleire ting på ein gong eller nedsett reaksjonsevne. Nokre kan også ha endra personlegheit etter hjerneskaden; at ein blir meir impulsiv eller har redusert innsikt i eigen måte å fungere på. I desse tilfella er førarkortvurdering aktuelt, anten du har midlertidig køyreforbod eller har fått førarkortet inndrege.
Personer med erverva hjerneskade skal sikrast ei fagleg vurdering for til førerkort.
Helsekrav for førerkort har heimel i lova "Førerkortforskriften", og er skildra ytterlegare i Helsedirektoratet sin rettleiar for førerkortsaker.