Den første veka må du rekne med heving, raud farge og væske frå behandlingsområdet. Bruk plaster ved behov om det væsker mykje. Du kan dusje og vaske deg som normalt.
Dersom det kjem sårskorpe over behandlingsområdet bør denne vere i ro til den fell av. Det kan ta to til fire veker til såret er grodd.
Vår anbefaling er at du beskyttar det behandla området mot sollys det første året. Då kan du dekke det fysisk med klede eller plaster, eller du kan smøre med solkrem faktor 30-50.