Gangtest

Gangtest måler kor mange meter du klarer å gå på flatt underlag i 6 minutt. Testen er eit godt mål for din allmenne funksjonstilstand. Vi måler oksygenopptak i blodet, puls og grad av kor tungpusten du er når du kviler under og etter testen.

 

1. Før

  • Du skal vere utkvilt
  • Faste medisinar skal du ta som vanleg
  • Dersom du brukar luftvegsutvidande medisinar, skal du ta den før testen.
  • Du blir spurt om grad av kor tungpusten du er
  • Du kan bruke dine vanlege ganghjelpemiddel, for eksempel rullator
  • Dersom du brukar oksygenutstyr til vanleg, kan du også bruke det under testen
  • Du skal sitte på ein stol og slappe av nokre minutt før gangtesten

2. Under

  • Du skal gå i oppmålt lengde på 25 meter (det er det vanlegaste), fram og tilbake i 6 minutt, så langt du klarer å gå på denne tida.
  • Du skal ikkje snakke under testen
  • Du går med eit pulsoksymeter på fingeren (måler oksygenopptak og puls)
  • Du kan senke farta, stoppe og eventuelt sette deg ned om du har behov for det

3. Etter

  • Du skal sitte å kvile på ein stol nokre minutt etter gangtesten
  • Du får spørsmål om grad av kor tungpusten du er
  • Resultatet av testen blir vurdert av lege

Ver merksam

Vanlegvis innberer ikkje testen nokon risiko.

Kontakt

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.