Informasjonsfilm om HelseIArbeid: https://www.youtube.com/watch?v=c_QetRJIJFk
HelseIArbeid er tverrfagleg samansett
I Ålesund består teamet av spesialist i fysikalsk medisin og rehabilitering, lege i spesialisering, spesialfysioterapeutar, manuellterapeut, arbeidsrådgivar og NAV-rettleiar.
I Molde består teamet av nevrolog, spesialfysioterapeutar/manuellterapeut, sosionom og NAV-rettleiar.
Tilbodet i Ålesund gjelder muskel-/-skjelettplager.
I Ålesund får du oppfølging hos Poliklinikk for fysikalsk medisin og nevropsykologi.
Tilbodet i Molde gjelder nakke/ryggplager.
I Molde får du oppfølging ved Tverrfagleg ryggpoliklinikk.
Begge tilboda er fylkesdekkande, det vil seie at du kan få tilvising til det tilbodet som treff deg best, uavhengig av kvar du bur.
Både fastlege, psykolog, manuellterapeut, kiropraktor og tannlege kan sende tilvising.
Det er ønskeleg å kome tidleg inn til utgreiing og avklaring. Du kan få tilvising når det er fare for sjukmelding, hyppige sjukmeldingar eller i ein tidleg fase av sjukmeldinga. Du treng ikkje å ha prøvd behandling i primærhelsetenesta/kommunehelsetenesta før du får tilvising til HelseIArbeid.
Tilvisinga blir vurdert av eit inntaksteam i samsvar med nasjonal prioriteringsrettleiar, innan ti verkedagar. Ved rett til helsehjelp får du innkalling til time. I tida fram til utgreiing, eller ved eventuelle endringar i helsetilstaden, skal du ta kontakt med fastlegen.