Du kan reise heim same dag som innlegginga av hjarterytmeregistratoren.
Du får utlevert ein aktivator som du sjølv kan bruke når du kjenner symptom på hjarterytmeforstyrring og ein heimemonitor. Heimemonitoren må alltid vere tilkopla straum. Det er vanlegast å plassere den på soverommet i nærleiken av senga. Det er fordi rutineoverføringar av data frå hjarterytmeregistratoren blir gjort i løpet av natta.
Det er individuelt kor lenge ein rytmeregistrator ligg under huda.
Slik fungerer hjarterytmeregistratoren
Hjarterytmeregistratoren gjer automatisk registrering ved ei hjarterytmeforstyrring. Du kan og registrere sjølv ved å bruke aktivatoren når du kjenner symptom på hjarterytmeforstyrring. Du bør alltid ha med deg aktivatoren og bruke den kvar gong du kjenner symptom.
Slik bruker du aktivatoren når du opplever symptom
- Legg aktivatoren flatt inntil huda over hjarterytmeregistratoren
- Hold inne knappen i eit par sekund før du slepp opp knappen
- Når registreringa er vellukka, vil aktivatoren lyse grønt og gi frå seg ein pipelyd
Når du har gjort ei slik registrering blir den sendt til sjukehuset neste gong du er i nærleiken av heimemonitoren din.
Kontroll og oppfølging
Avlesing av hjarterytmeregistratoren blir gjort etter ein episode med symptom på hjarterytmeforstyrring eller ved ein rutinekontroll. Sjukepleiar eller lege på sjukehuset les av det hjarterytmeregistratoren har lagra og dei registreringane du sjølv har gjort med aktivatoren. Legen kan på bakgrunn av dette avdekke eller avvise om du har ei hjarterytmeforstyrring.
Bandasje og operasjonssår
Du må halde bandasjen tørr for å forhindre infeksjon. Du skal ikkje dusje medan bandasjen er på.
Eventuelle sting forsvinn av seg sjølv.
Du kan sjølv ta av bandasjen 7 dagar etter innsetting av hjarterytmeregistratoren.
For at arret skal bli finast mogleg kan du sette på ein tape (anbefalast silikontape) i ytterlegare 14 dagar. Skjerm arret for direkte sollys dei første 3-6 månadane.