Vanlig sjukehusopphald er 1‐3 dager med dagleg trening og aktivitet. Du vil få instruksjon i øvingar og krykkegange av fysioterapeut mens du er på sykehuset. Egeninnsats er avgjørande for et vellykka resultat.
Aktivitet
Det er viktig å komme seg raskt på beina. Allerede 3‐5 timar etter operasjonen kan du, med hjelp, komme ut av senga. Fra første dag etter operasjonen skal du gå med 2 krykker eller andre egna hjelpemidlar.
- Du kan i regelen belaste den opererte hofta.
- Du kan komme ut og inn frå seng både på operert og uoperert side.
- Du kan liggje på uoperert side etter operasjonen med pute mellom beina. Du kan også liggje på magen. Du kan liggje på operert side når såret har grodd (2-3 veker) og det ikkje er smertefullt.
Smerter
Det er vanleg med smerter i dagene og vekene etter operasjonen. Det er ikkje farlig å bruke hofta sjølv om det er litt smertefullt. Du vil få smertestillande tablettar som dempar smertane til et akseptabelt nivå.
Medisinane blir trappa gradvis ned etter kvart som smertane avtar. Dei fleste får ein smertefri og velfungerande hofte, men det kan ta tid (hos enkelte inntil 1 år) før smertane er heilt borte og bevegelsen optimal.
Forsiktigheitsreglar
Restriksjonar etter hofteprotesekirurgi varierar noe mellom sjuehusa og avhengar også av kva for kirurgisk metode som er nytta. Vanlege restriksjonar kan vere:
- Unngå å bøye deg fremover med knea pekande innover og foten plassert ut til sida i 3 månader, «kalvbeint stilling».
- Unngå å sittje med beina i kryss, og å krysse operert bein over midtlinja dei første 3 månadene.
- Du kan plukke opp ting frå golvet ved å strekkje operert bein bak når du bøyer deg (se bilde under).
- Du kan bøye deg frem og la knea falle til sida, «froskestilling», når du ikkje merker stramming/ubehag i operert hofte.
Etter utskriving
Hevelse og misfarga bein på operert side er vanleg på grunn av økt væske– og blodansamling. Dette kan du sjå heilt ned i anklane. Det vil gradvis forsvinne av seg sjølv. For å redusere hevelsen kan du liggje med beinet høgt og overkroppen lågt. Lett aktivitet og sirkulasjonsfremmande øvelsar kan også bidra til å redusere hevelse.
Sårpleie
Huden lukkas enten med ei oppløseleg tråd som ikkje skal bli fjerna, eller med tråd/stiftar som må bli fjerna etter 2-3 veker. Bandasje må bli bytta ved behov. Korleis du skal forhalde deg til både stinga og bandasjen vil du få informasjon om før utreise. Vi anbefalar å unngå bading i basseng/badekar/saltvann dei første 3 vekene.
Trening/krykker
Det er viktig med dagleg aktivitet og trening etter utreise frå sjukehuset. Treninga vil dei fleste klare på eigen hand. Krykkane kan bli avvikla etter 4 veker når du kan gå normalt utan å halte. Avvik kan førekomme i individuelle tilfellar. Du vil få informasjon om og trene på dette under opphaldet.
Aktivitetar
Turgåing og andre lettare aktiviteter blir anbefala. Du kan ha seksuelt samvær så lenge du overhalder gjeldande restriksjonar.
Sjukemelding/reseptar
Vanlegvis treng man sjukmelding i 2-8 veker, avhengig av type jobb. Du får med deg resept på smertestillande medisinar og blodfortynnande sprøytar.
Bilkøyring
Bilkøyring bør du vente med til du har avvikla bruken av krykker, og beinet kjennast sterkt nok til å klare bilkøyring. Du skal heller ikkje køyre bil om du brukar smertestillande medisinar med rød varseltrekant på. Det er veitrafikkloven som gjeld.
- Inn og ut av bil som passasjer: still setet langt tilbake og tipp rygglenet godt bakover.
Kontroll på flyplasser
Ein protese kan utløyse alarmen ved sikkerhetskontroll. Det vil vanlegvis vere nok å forklare at du har ei hofteprotese og eventuelt vise frem arret. Du kan også få ein bekreftelse frå sjuehuset om at du har protese om du ønsker det.
Etterkontroll
Du vil bli innkalla til kontroll hos lege eller fysioterapeut ca. 3 månader etter operasjonen.
Mulige komplikasjonar
Dei vanlegste komplikasjonane i forbindelse med hofteproteseoperasjon er infeksjon og at hofta går ut av ledd (luksasjon). Begge førekjem hos ca 1% av pasientane. Det er viktig at du tar raskt kontakt med avdelinga dersom det oppstår akutte sterke smertar eller tekn til infeksjon (Se meir under «Faresignal».) Det kan også førekomme nerveskade, men dette er sjeldan og oftest heilt eller delvis forbigåande. Blodpropp førebyggjast med rask mobilisering og blodfortynnande sprøytar, evt også med komprimerande strømper. Det anbefalast også at du unngår lange flyreisar dei første 6 vekene etter operasjonen. Nokre gonger oppstår eni beinlengdeforskjell, oftest ved at det opererte beinet blir lengre. Da kan det vere nødvendig å bruke innleggssåle i motsatt sko.
Informasjon fra fysioterapeut
Øvelsar for hofte etter proteseoperasjon.
NB! Dei liggjande øvelsane skal ikkje gjerast på golvet, men i ein seng, på ein sofa, på ein benk eller lignande.
- Stram setemusklane og press begge knea ned i underlaget. Hold i nokre sekundar. Slipp opp.
- Bøy opp i kne og hofte og trekk hælen langs underlaget. Strekk deretter beinet ut igjen.
- Bøy opp i anklane. Før beina frå kvarandre og deretter rolig inn igjen. Ikkje lyft beina frå underlaget.
- Liggande setelyft: Ligg på ryggen med bøyde knær. Knip setemusklane saman og lyft bekkenet og nedre del av ryggen frå underlaget. Senk rolig ned igjen.
- Stående tåhev med støtte: Stå bak ein stol og støtt deg med hendene til stolryggen. Lyft deg opp på tærne med begge beina og senk deg rolig ned igjen.
- Støtt deg i en stol eller lignande. Sett opererte bein litt bak det andre - tærne i bakken. Strekk ut ved å føre hælen mot bakken. Kjenn at du bruker lårmusklane og setemusklane når du strekkjer ut.
- Støtt deg til en stol, inntil en vegg eller lignande. Før det opererte beinet ut til sida og før det kontrollert ned igjen. Det kan vere greitt å ikkje ha sko på opererte bein når du gjør denne øvelsen.
- Støtt deg med begge hendene på ein stolrygg eller lignande. Stå med føttene i skulderbreddes avstand. Bøy i hofter og knær med lik tyngde på begge bein. Reis deg opp igjen når du har nådd posisjonen på figuren.
- Trappegang opp med krykker: Opp med det friske beinet først, deretter operert bein og krykker.
- Trappegang ned med krykker: Sett krykkene ned eit trinn, deretter følger operert bein. Det friske beinet til slutt. Krykkene følgjer alltid det opererte beinet.